Marieluise Fleißer () var ein tysk forfattar, rekna som ein av dei fyrste store kvinnelige dramatikarane innan tysk litteratur.

Liv og virke Fleißer var fødd i Ingolstadt i 1901. Frå 1919 studerte ho teatervitskap i München. Ho debuterte i 1923 med Meine Zwillingschwester Olga. I 1926 blei det fyrste dramaet hennar, Fegefeuer in Ingolstadt, uroppført i Berlin. Både dette og det neste dramat hennar, Pioniere in Ingolstadt, gjekk gjennom harde åtak i høgrepressa. Romanen hennar Mehlreisende Frieda Geier blei demonstrativt brend under dei landsomfattande bokbåla i Nazi-Tyskland i 1933. Seinare same året gav det nazistiske kulturorganet Reichskulturkammer henne yrkesforbod, og ho blei ramma av depresjonar og nervsamanbrot.

I tidlege år var ho blitt kjent med Lion Feuchtwanger og Bertolt Brecht. Særleg av sistnemnde fekk Fleißer fleire inspirasjonar og endringsforslag. Under tida med nazistiske represaliar avslutta ho kontakten med Brecht og søkte samband til meir nasjonalkonservative personar. Fleißer drog mellom anna på fleire reiser med forfattaren Hellmut Draw-Tychsen. Ho gifta seg med ungdomsvennen og tobakkshandlaren Josef Haindl, og dreiv butikken i lag med han i Ingolstadt.

Rainer Wernar Fassbinder filmatiserte Pioniere in Ingolstadt for tv i 1971.

Verk (utval)

Mehlreisende Frieda Geier. Roman vom Rauchen, Sporteln, Lieben und Verkaufen. (1931) Omarbeiding til tittelen Eine Zierde für den Verein (1972)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marieluise Fleisser» frå , den 30. juli 2023.

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Ingolstadt Kategori:Forfattarar frå 1900-talet