Amalie Snøløs () er ein norsk påverkar, programleiar og tidlegare fotballspelar.Kampstatistikk i Norges Fotballforbund.
Fotballkarriere Snøløs vaks opp på Birkeland i Agder. Ho byrja å spele fotball på moderklubben Birkenes IL. Ho vart teken ut på det norske J16-landslaget, til treningskamp mot England 5. juni 2012.Tatt ut på landslaget i Lillesands-Posten. Snøløs var 16 år då ho vart teken opp i A-stallen til toppserielaget Amazon Grimstad FK.Amalie signerte for Amazon i Birkenes Avisa. Snøløs spela aktivt fram til 2017, då for Porsgrunn-klubben Urædd. Posisjonen hennar på fotballbanen var midtbanespelar.
Underhaldingsbransjen Snøløs vart kjend for ålmenta då ho deltok i den trettande sesongen av Farmen i 2017, der ho enda på ein tredjeplass.Amalie Snøløs (21) kom på tredjeplass i Farmen: – Jeg har vært en slange som har sneket meg rundt i TV2. Året etter var ho ein av tolv norske kjendisar som svinga seg på Skal vi danse-parketten. Snøløs har også delteke i 4-stjerners middag, Huskestue og har hatt ei birolle i den tredje sesongen av fjernsynsserien Semester og i CLMD sin musikkvideo til låten «Trouble».CLMD - Trouble (Billon Remix) på Youtube.Amalie Snøløs kysser kvinne i TV-serie i VG. Hausten 2020 vart Snøløs programleiar i TV 2-serien «Blipp vs. Snøløs», saman med Stian Blipp. Programmet gjekk ut på at dei to programleiarane var lagleiarar for kvart sitt e-sportlag, og skulle konkurrere om å løyse nye oppdrag i kvar episode.
Fotballklubbar Under er ei oversikt over klubbar Snøløs har spela for: –2012: Birkenes IL 2013–2014: Amazon Grimstad 2014: Gimletroll 2014–2015: Urædd 2016: Amazon Grimstad 2017: Urædd 2 2021: Birkenes IL
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Amalie Snøløs» frå , den 14. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Amalie Snøløs hos Noregs Fotballforbund Amalie Snøløs hos Soccerdonna Amalie Snøløs hos Internet Movie Database
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Skal vi danse-deltakarar Kategori:Farmen-deltakarar Kategori:Folk frå Birkenes