Bjørg Mykle () var ein norsk kunstnar, dokkemakar og pedagog.

Saman med ektemannen Arne Bust Mykle skapa ho blant anna dokkene til barne-tv-serien Pompel og Pilt.

Liv og virke I 1959, då Mykle gjekk på gymnaset, vart ho kjend med Agnar Mykle og kona hans Jane Mykle, og dokketeateret dei hadde stifta i 1948.

I 1961 tok Mykle avgangseksamen frå handelsgymnaset, og vart lærarvikar ved Abildsø skole i Oslo. Denne stillinga fekk ho ved hjelp av antroposofen og teaterpedagogen Erik Trummler, som dreiv barneteater ved skulen. Ho bestemte seg for å utdanne seg til lærar, og gjekk ut frå Statens lærerhøgskole i 1965.

Parallelt med lærarutdanninga studerte Mykle dokketeater hos ekteparet Mykle, og gifta seg etter kvart med sonen deira Arne Bust Mykle. I 1967 tok Bjørg og Arne Mykle over leiinga av Norsk Dukketeater, som dei omdøypte til Dukketeaterverkstedet.

I 1967 flytta Bjørg og Arne Mykle også inn i eit hus i den gamle trehusbusetnaden på Vålerenga. Då dei kommunale myndigheitene noko seinare vedtok å rive trehusa for å leggje ein motorveg gjennom bydelen, deltok Bjørg og Arne Mykle i lokale aksjonar for å redde bumiljøet. Denne kampen vann fram, og per 2017 er Vålerenga eit heilskapleg trehusmiljø og eit populært buområde.

Den fyrste fjernsynsserien Dukketeaterverkstedet laga for NRK fekk tittelen Reparatørene, men er betre kjend under kallenamnet Pompel og Pilt. Her opptrer handdokkene «Pompel» og «Pilt» og «Gorgon vaktmester» som dei sentrale skikkelsane.Morgenbladet 3. februar 2023 Dukkeskaper Bjørg Mykle er død. sitat:På NRKs arkiv kan man se samtlige fem episoder av serien om de to frakkekledde reparatørene. Mystisk stemning, sparsomme kulisser og en svært fremfusende vaktmester som utelukkende snakket i «ere»-ord («reparere, reflektere, reformere, redusere») er kanskje det mange forbinder sterkest med serien. Serien vart fyrste gongen sendt på TV i 1969.

I 1970 sende NRK Fjernsynet programserien Dukkeverkstedet, der Bjørg Mykle og Arne Bust Mykle gjennom fire program underviste barn i å lage og spele med teaterdokker. Dei fire episodane hadde titlane Teater med fingrene, Den første dukken, Vi lager dukker og Instruksjon og spill.

I 1978 produserte NRK ein serie barneprogram som i fyrste rekkje var mynta på høyrslehemma barn. Serien heitte Kan du se hva jeg sier? og hadde premiere 23. januar 1979. I denne serien vart det blant anna vist ulike korte filmar, og undervegs fekk programleiaren Terje Johan Johnsen besøk av dei to handdokkene Smørbukk og hunden Gulltann. Dokkene vart førte av Bjørg Mykle og Arne Mykle.

De siste åra av yrkeskarrieren underviste Bjørg Mykle på Høgskolen i Oslo, samtidig som ho dreiv Dukketeaterverkstedet vidare. Ho fortsette dokketeaterverksemda etter å ha gått av med pensjon som lærar. Blant anna heldt ho framsyningar i barnehagar rundt om i Oslo.

Mykle utvikla metodar for bruk av dokketeater og teaterleik som pedagogisk verkemiddel. Ein av metodane kalla ho «stasjonslek».

Prisar og utmerkingar Sommaren 2006 heldt Blaafarveværket på Modum ei utstilling med over 50 dokker frå Dukketeaterverkstedet. Denne utstillinga vart seinare vist fleire stader i landet; etter å ha vore på Trøndelag Folkemuseum vinteren 2006/2007, vart ho våren 2007 vist på nytt i Gamle Bergen Museum.

I 2009 vart Mykle tildelt Tyrihansprisen. Prisen er ei påskjønning frå foreininga UNIMA-Norge til personar som har gjort ein særleg innsats for figurteaterfaget, og prisen vert delt ut annakvart år. Han vart overrekt til Bjørg Mykle under opninga av Figurteaterfestivalen i Kristiansand.

Forfattarskap 1991 – Vår barndoms beske vin, roman gjeven ut under namnet Bjørg Stenfeltskog 1993 – Dukkenes Magi, fagbok om figurteater

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bjørg Mykle» frå , den 15. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Bjørg Mykle hos Nationaltheatret Bjørg Mykle hos Sceneweb Bjørg Mykle hos Internet Movie Database Bjørg Mykle hos The Movie Database

Kategori:Norske dokkemakarar Kategori:Norske kunstnarar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Vinnarar av Tyrihansprisen