Zaha Hadid ()Architect Dame Zaha Hadid dies at 65, John Seabrook: Postscript: Zaha Hadid, 1950-2016, The New Yorker, 31. mars 2016. var ein irakisk-britisk arkitekt, kunstnar og designer, anerkjend som ein stor figur i arkitekturen på slutten av 1900- og og byrjinga av 2000-talet. Hadid blei fødd i Bagdad i Irak. Ho studerte matematikk som bachelor og blei student ved Architectural Association School of Architecture i 1972. På leit etter eit alternativt system til tradisjonell arkitektonisk teikning, og påverka av suprematisme og russisk avantgarde, tok Hadid i bruk måling som designverktøy og abstraksjon som utforskingsprinsipp for å «gjenutforska dei avbrotne og uprøvde eksperimenta frå modernismen [...] for å avdekke nye felt innan bygging»).

Ho blei kalla «Queen of Curves» i The Guardian, som skreiv at ho "fridde arkitektonisk geometri, og gav det ei heilt ny uttrykksfull identitet". Dei viktigaste verka hennar er London Aquatics Centre for olympiske leker i 2012, Broad Art Museum, MAXXI Museum i Roma og Guangzhou operahus. Nokre av prisane hennar blei gjevne posthumt, mellom anna ein statuett ved Brit Awards 2017. Ho er òg blitt anerkjend av Forbes-lista i 2013 som ei av verdas mektigaste kvinner.https://broadmuseum.msu.edu/about/zaha-hadid/https://www.zaha-hadid.com/awards/forbes-100-most-powerful-women/https://www.essentialmagazine.com/zaha-hadid/ Nokre av bygningane hennar var framleis under bygging då ho døydde, som Daxing internasjonale lufthamn i Beijing og Al Wakrah Stadium (no Al Janoub) i Qatar, som blei bygd til fotball-VM 2022.

Hadid var den fyrste kvinna som vann Pritzkerprisen, i 2004. Ho vann den mest prestisjetunge arkitekturprisen i Storbritannia, Stirling-prisen, i 2010 og 2011. I 2012 blei ho gjort til dame av Elisabeth II for teneste til arkitekturen, og i februar 2016, ein månad før døden, blei ho den fyrste kvinna som blei tildelt Royal Gold Medal frå Royal Institute of British Architects (Ray Eames og Sheila O'Donnell hadde tidlegare fått han i lag med høvesvis Charles Eames og John Tuomey).

Mange av arbeida til Hadid har berre eksistert som skissemateriale. Ho vert likevel rekna for å vere ein av dei mest banebrytande blant arkitektane i samtida si. Bygningane hennar er blitt kalla «distinkt nyfuturistiske», og karakterisert av dei «kraftfull, bogande formene i dei langstrekte strukturane hennar,»«New Building Concepts By Zaha Hadid» , Architect.net med «talrike perspektivpunkt og fragmentert geometri som framkallar kaoset i moderne liv.»«Zaha Hadid (19 June–25 November 2007)». Design Museum.

Liv og virke

Bakgrunn Zaha Hadid blei fødd 31. oktober 1950 i Bagdad i Irak, i ein overklassefamilie. Far hennar, Muhammad al-Hajj Husayn Hadid, var ein rik industrimann frå Mosul. Han grunnla den venstre-liberale al-Ahali-gruppa i 1932, ein viktig politisk organisasjon på 1930- og 1940-talet. Han var medgrunnleggjar av det nasjonale demokratiske partiet i Irak og var finansminister etter at monarken blei avsett ved det irakiske statskuppet i 1958 for regjeringa til general Abd al-Karim Qasim. Mor hennar, Wajiha al-Sabunji, var ein kunstnar frå Mosul, medan broren hennar Foulath Hadid var ein skribent, revisor og ekspert på arabiske saker. Hadid sa ein gong i eit intervju korleis dei tidlege barndomsreisene hennartil dei gamle sumeriske byane i sørlege Irak vekte ei interesse for arkitekturen. På 1960-talet var Hadid elev på internatskular i England og Sveits. Hadid blei aldri gift og hadde ingen barn.

Utdanning Hadid studerte matematikk ved det amerikanske universitetet i Beirut før ho flytta til London i 1972 for å studere ved Architectural Association School of Architecture. Der studerte ho med Rem Koolhaas, Elia Zenghelis og Bernard Tschumi. Den fyrste professoren hennar, Koolhaas, skildra henne ved avgangsseremonien som «ein planet i sin eigen bane». Zenghelis skildra henne som den mest framståande eleven han nokon gong underviste i. «Me kalla henne oppfinnaren av 89 grader. Ingenting var nokon gong 90 grader. Ho hadde ein fantastisk visjon. Alle bygningane eksploderte i små små bitar.» Han sa at ho var mindre interessert i detaljer, som trapper. «Slik ho teikna ei trapp ville du slå hovudet mot taket, og rommet blei redusert og redusert, og du ville enda opp i det øvre hjørnet av taket. Ho kunne ikkje bry seg om små detaljer. Ho var opptatt av det større bildet, og når det galdt snikkararbeid visste ho at me kunne ordna det seinare. Ho hadde rett.» Avhandlinga hennar, Malevich's Tektonik, var eit konsept og design for eit hotell på 14 nivå på Hungerford Bridge i London utført som eit akrylmåleri, inspirert av verka til suprematisten Kasimir Malevitsj.

Etter å ha gått ut i 1977, byrja ho arbeida for dei tidlegare professorarne sine, Koolhaas og Zenghelis, ved Office for Metropolitan Architecture i Rotterdam i Nederland. Gjennom tilknytinga til Koolhaas møtte ho arkitektingeniøren Peter Rice, som gav henne støtte og oppmuntring i dei tidlege stadia av karrieren. Hadid blei naturalisert statsborgar i Storbritannia. Ho opna sitt eige arkitektfirma, Zaha Hadid Architects, i London i 1980. I løpet av det tidlege 1980-talet introduserte stilen til Hadid publikum til ein ny moderne arkitekturstil gjennom dei ekstremt detaljerte og profesjonelle skissene sine. På denne tida var folk fokuserte på postmodernistisk design, så designa hennar med ei anna tilnærming til arkitekturen skilde henne frå andre designarar.

Ho byrja karrieren sin som lærar innan arkitektur, først ved Architectural Association, og så etterkvart ved Harvard Graduate School of Design, Cambridge University, University of Chicago, Hochschule für bildende Künste i Hamburg, University of Illinois i Chicago og Columbia University. Ho vann det tidlege ryet sitt med førelesningane sine og dei fargerike og radikale tidlege designa og prosjekta sine, som blei mykje omtalte i arkitektoniske tidsskrift, men stort sett ikkje bygde. Eit av dei ambisiøse, men ubygde prosjekta hennar var ein plan for Peak i Hong Kong (1983), og ein plan for eit operahus i Cardiff i Wales (1994). Særleg opplevingane i Cardiff var vanskelege, designet hennar blei vald som det beste av konkurransejuryen, men Millennium-kommisjonen, som verka som finansieringsorgan, nekta å betale for det, og oppdraget blei gjeve til ein annan og mindre ambisiøs arkitekt.Nicolai Ourousoff, The New York Times, 5 July 2011. Retrieved 22 December 2018. Hadid svarte på avgjerda med å spørja: «Vil dei berre ha middelmådigheit?» I denne perioden bygde ryktet hennar i stor grad på undervisinga og dei fantasifulle og fargerike måleria ho laga av bygningar ho hadde foreslått. I 1988 blei det internasjonale ryktet hennar mykje styrka då ho blei vald til å visa teikningar og måleri som ein av sju arkitektar valde ut til å delta i utstillinga Deconstructivism in Architecture, kuratert av Philip Johnson og Mark Wigley ved Museum of Modern Art i New York. Her blei Zaha Hadid, Frank Gehry, Peter Eisenman, Rem Koolhaas, Daniel Libeskind og Bernard Tschumi presenterte som framtidas dekonstruktivistar. Samtlege blei berømte arkitektar, men stilane deira skulle gli langt frå kvarandre. MoMa-utstillinga, ein konferanse ved Tate i London og pressedekkinga av arbeidet hennar byrja ikkje berre å få namnet hennar kjent i arkitekturverda, men gjorde at folk byrja knyta ein viss arkitekturstil til Hadid.

Tidlege bygningar (1991-2005)

Det kom til å dryge ganske lenge innan Hadid fekk nokon større bygning oppført, sjølv etter at ho var eit kjent namn blant arkitektar. Gjennombrotet kom i 1993 med ein brannstasjon i Weil am Rhein, som seinare er vorten eit møbelmuseum for det sveitsiske møbeldesignselskapet Vitra. Bygginga av Phaeno Science Centre i Wolfsburg i Tyskland byrja i 2000 og var ferdig i 2005. Bygningen er eit vitskapshus der barn og vaksne kan utføra vitskaplege eksperiment. Bygningen er opphøgd på kremmarhusliknande strukturar som inneheld entréar, butikkar med meir. Han har inga direkte tilknyting til miljøet rundt seg, men skapar sitt eige landskap ved hjelp av dekonstruktivistiske former. Dei organiske formene og funksjonaliteten til bygningen vert ein felles tråd med innhaldet hans.

Vitra brannstasjon (1991-1993) mini|Vitra brannstasjon Ein av dei fyrste kundane til Hadid var Rolf Fehlbaum, som var leiar for det sveitsiske møbelfirmaet Vitra, og seinare, frå 2004 til 2010, jurymedlem for den prestisjefulle Pritzkerprisen for arkitektur. I 1989 hadde Fehlbaum invitert Frank Gehry, som då var lite kjend, til å byggja eit designmuseum ved Vitra-fabrikken i Weil-am-Rhein. I 1993 bad han Hadid om å designa ein liten brannstasjon for verksemda. Designet hennar, laga av råbetong og glas, var eit skulpturelt verk som bestod av skarpe diagonale former som kolliderte i sentrum. Designplanane blei omtalte i arkitekturtidsskrift før bygginga av museet. Då det var fullført, var det berre brannstasjon i ein kort periode, ettersom Weil am Rhein snart opna sin eigen brannstasjon. I staden blei bygget gjort om til utstillingslokale, og stiller no ut verk av Gehry og andre kjende arkitektar. Bygget markerte byrjinga på arkitektkarrieren hennar.

Spittelau viadukt husprosjekt (1994-2005) I 1994 fekk Hadid i oppdrag av byen Wien å designa og bygga ein plan i tre delar for byutvikling av eit område ved Donau-kanalen. Rekkja av bygningar ligg langs Spittelauer Lände og kryssar og samverker med ein verna jernbaneviadukt utforma av den modernistiske arkitekten Otto Wagner. Det fyrste designet bestod av fem fleirbruksbygningar, skildra som ein «skulptur-liknande overbygging» av den historiske Stadtbahn-jernbanen, og var utforma av Hadid si verksemd ZHA. Hadid og den britiske arkitektoniske kunstnaren Brian Clarke, samarbeidde om å utvikla eit forslag til prosjektet som inkluderte integrerte kunstverk av Clarke som ein del av dei neo-futuristiske strukturane, med samanhengande glasmosaikk og tradisjonelt blyglas som er ein del det utvendige dekket og vindauga til komplekset. Clarke utvikla ein ny type munnblåse glas til systemet, som han døypte 'Zaha-Glas'. Prosjektet blei etterkvart redusert til tre bygningar. Etter fleire forseinkingar i bygginga stod det ferdig i 2006, utan det integrerte kunstverket.

Prisar og utmerkingar Hadid blei også gjesteprofessor ved Universitet for anvendt kunst i Wien (Universität für angewandte Kunst Wien).

I 2012 blei Hadid utnemnd til kommandørdame (DBE) av Den britiske imperieordenen for innsatsen sin for arkitekturfaget.The Queen's Birthday Honours List 2012 (PDF), Directgov, 16. juni 2012, s. 7. Ho blei dimed høga opp i riddarstanden, og fekk retten til å føre tiltaleforma dame framfor namnet sitt.

Arkitektur (utval)

IBA, bustadhus, Berlin i Tyskland, 1987–1993. Vitra brannstasjon, Weil am Rhein, Tyskland, 1991–1993. Musikkvideopaviljong, Groningen, Nederland, 1990. Landesgartenschau, Weil am Rhein, Tyskland, 1997–1999. Rosenthal Center for Contemporary Art, Cincinnati, Ohio, USA, 1999–2000. Stasjon og bilparkering Hoenheim-Nord, Strasbourg, Frankrike, 1999–2001. Bergisel hoppbakke, Innsbruck, Austerrike, 1999–2002. Ordrupgaard museum tilbygg, København, Danmark, 2001–2005. BMW-senteret i Leipzig 2005. Paviljongbroen som var ein del av Expo 2008 Sheikh Zayed-brua, Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata, 2010 Riverside Museum i Glasgow i Skottland, opna 2011. Beijing Daxing internasjonale lufthamn, opna i 2019.

Innreiingar og anna Restaurant Moonsoon, Sapporo, Japan, 1990. The Great Utopia, utstillingsinnreiing, Guggenheim Museum, New York, 1992. Mind Zone, Millennium Dome, London, England, 1999–2000. Scenografi for Pet Shop Boys World Tour 1999/2000. Scenografi for Charleroi Dance Company, Belgia, 2000.

Prisar og utmerkingar 2003 – Den europeiske unionens pris for samtidsarkitektur 2012 – Kommandørdame (DBE) av Den britiske imperieordenen

Merknadar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Zaha Hadid» frå , den 14. mars 2023.