thumb|Safiya Zaghlul. thumb|Mausoléet til Safiya og Saad Zaghlul i Kairo. Safiya Zaghlul () var ein egyptisk politikar. Ho var gift med Saad Zaghlul, som var president av Egypt i 1924.

Liv og virke Zaghlul kom frå ein familie med tyrkiske røter.House of the Nation, Al-Ahram, 27. februar 2003Ahmed Zaki Osman: Women's movement: A look back, and forward Egypt Independent, 8. mars 2012 Ho var dotter av Mustafa Fahmi Pasha, som var den sjuande statsministeren i Egypt.

Då ektemannen hennar vart forvist til Seychellane i 1919, vart Zaghlul ein leiande politisk aktivist og leiarskikkelse innan Wafd-partiet. Bustaden hennar vart eit samlingspunkt for partiet, og ho organiserte og leia ein demonstrasjon med 500 kvinner i protest mot forvisinga av ektemannen hennar. Ho vart kjend som mor til Egypt (Umm al-Misriyyin).

Zaghlul etterfølgde seinare ektemannen til den internasjonale konferansen om Egypt i Paris.

I 1924 vart ektemannen vald til statsministar. Etter at han døydde i 1927 var Zaghlul sentral då partiet skulle velje ny partileiar og fungerte som rådgjevar for denne. Etter at partiet vart splitta i 1937 avslutta ho den politiske verksemda si.

Ho var også leiar for kvinnegruppa til Wafd-partiet.

Litteratur Fina Gued Vidal: Safia Zagloul. R. Schindler, Kairo 1946

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Safiya Zaghlul» frå , den 13. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Egyptiske politikarar Kategori:Folk frå Kairo