Elisabet Odrun Fidjestøl () var ein norsk arkitekt og politikar. Ho vert også omtala som Elisabet(h) Breen Fidjestøl. Det har samanheng med at ho i 1948 vart gift med Olav Andreas Findreng Breen (d. 1949) og i 1963 med Sigurd Fidjestøl.«Studenene fra 1941», s. 146.
Arkitektvirke Fidjestøl (då: Øydvin) gjekk ut frå arkitektlinja på Noregs tekniske høgskole i 1947. Ho vart tilsett ved distriktsarkitektkontoret i Kirkenes i 1948 og var frå 1953 tilsett hos arkitekt Ole Bjønnes i Tønsberg, for seinare å etablere eigen arkitektpraksis. Over fleire tiår teikna ho eit drygt dusin kyrkjer, for det meste på Austlandet, som stort sett kan reknast som arbeidskyrkjer. Innanfor denne sjangeren blir ho berre overgått av Harald Hille når det gjeld produktivitet.Kunsthistorie.com om norske kirkearkitekter. Av anna virke på arkitekturområdet kan ein nemna ei rekkje utvidingar og restaureringar av kyrkjer.
Politikarvirke I tillegg til arkitektvirket var Fidjestøl aktiv i politikken, der ho representerte Kristeleg Folkeparti. Ho sat i bystyret i Tønsberg i tre periodar frå 1955.Nekrolog i Jarlsbergs Blad, 7. desember 2013, s. 17. Samme nekrolog er publisert i Tønsberg Blad og Sandefjords Blad. Ho møtte som vararepresentant på Stortinget i periodane 1969–1973 og 1973–1977 og var fylkesvaraordførar i Vestfold i 1975–1983.Vestfold kristelig folkeparti 50 år 1946–1996, særlig s. 9–11, 15 og 19. I tillegg hadde ho ei rekkje andre tillitsverv.Forvaltningsdatabasen.
Utvalde verk
Vesterøy kyrkje, Sandefjord (1967; eg. kun 1. byggetrinn)Paal Even Nygaard: «Feirer 50 år i uferdighet», i Sandefjords Blad, 2. juni 2017. Solvang kyrkje, Tønsberg (1. byggetrinn 1969, 2. byggetrinn 1988) Sentrumskirken, Horten (1972) Straumen kapell, Sørreisa (1973) Nanset kyrkje, Larvik (1974) Restaurering av Torød kyrkje, Nøtterøy (1975) Birom på kvar side av tårnet i Leveld kyrkje, Ål (1976)«Norges kirker» Teie kyrkje, Nøtterøy (1977) Strindheim kyrkje, Trondheim (1979) Søndre Skøyen kapell, Oslo (1980) Mjøndalen kyrkje, Nedre Eiker (1983) Ullerål kyrkje, Hønefoss (1. byggetrinn, 1984) Fjell kyrkje, Drammen (1984) Skrim sportskapell, Kongsberg (1985) Vats fjellkyrkje, Ål (1990) Fogn kyrkje, Finnøy (1991)
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elisabet Fidjestøl» frå , den 13. mars 2023.
Litteratur
Laila Riksåsen Dahl: «Elisabet Breen Fidjestøl til minne», i Tønsberg Blad, 11. desember 2013, s. 10.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Norske politikarar Kategori:KrF-politikarar Kategori:Fylkestingspolitikarar i Vestfold