Grethe Ingmann () var ein dansk songar og musikar innan pop og jazz. Saman med ektemannen Jørgen Ingmann vann ho Eurovision Song Contest i 1963 med songen «Dansevise», ei bragd ingen danske klarte å gjenta før Olsen Brothers vann i 2000 med «Fly on the Wings of Love».

Bakgrunn Ingmann vart oppdaga allereie som 17-åring, og kort etter vart ho saman med jazzgitaristen Jørgen Ingmann, som ho gifta seg med i 1956. Dei to skapte seg snart eit namn i Skandinavia. Mannen hennar vart også internasjonalt kjend for instrumentalen «Apache», medan Grethe Ingmann sjølv kom inn på dei tyske hitlistene med songen «Hello Boy» i 1963. I midten av 1960-åra deltok ho på fleire tyske songfestivalar, men utanom «King of Soho» fekk ho ikkje noko større gjennombrot i nabolandet.

Ein av songane Ingmann framførte på desse festspela var «Der Sommerwind» (tekst: Hans Bradtke, musikk: Henry Mayer), som gjorde liten suksess då ho gav han ut på tysk og dansk, men i 1966 vart han ein verdshit for Frank Sinatra med engelsk tekst av Johnny Mercer.

I midten av 1970-åra havarerte ekteskapet med Jørgen, og det enda med at dei gjekk frå kvarandre. Etter dette deltok ho fleire gongar i Dansk Melodi Grand Prix, men ho vart ikkje vald ut til å representere landet i den internasjonale finalen. I 1980-åra heldt ho fram med arbeidet innanfor underhaldningsbransjen og fann tilbake til Jørgen, før ho i slutten av 1980-åra fekk kreft, som ho også døydde av i 1990.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grethe Ingmann» frå , den 13. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Grethe Ingmann på Internet Movie Database Grethe Ingmann på Danske Film Grethe Ingmann på Discogs Grethe Ingmann på Music Brainz

Kategori:Danske musikarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1963-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Folk frå København