Alexandra Gamlemshaug Andresen () er ein norsk dressurryttar og milliardærarving.
Andresen vart den yngste dollarmilliardæren i verda i ein alder av 19 år i 2016, og trona øvst på Forbes-lista som yngste milliardær tre år på rad. Andresen var per 2022 den nest yngste milliardæren på Forbes-lista med ein nettoformue på estimert 11,2 milliardar NOK.
Liv og virke Bakgrunn Andresen er dotter av den norske industri- og finansmannen Johan H. Andresen jr., eigar av firmaet Ferd, som i 2007 overførte eigardelar på 42,2 % kvar til døtrene Alexandra og Katharina. Han har vore tydeleg på at døtrene ikkje treng å ta del i familiebedrifta om dei ikkje ønskjer.
Familien Andresen er kjend for den langvarige eigarskapen sin i det tidlegare firmaet Tiedemanns Tobakksfabrikk, før det vart selt i 2005.
Andresen er oldebarn til Johan H. Andresen, tippoldebarn til Johan Henrik Andresen og Anton Klaveness, og tipptippoldebarn til Nicolai Andresen. Johan Henrik var bror til Nicolay August Andresen, og onkel til .
Karriere Andresen har vunne fleire prisar og utmerkingar i dressurriding, og har modellert fleire gongar for ridekledeselskapet KingsLand.
Privatliv Andresen har vore trulova med den amerikanske møbelgründeren og racerbilsjåføren Colin Thompson sidan januar 2023.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexandra Andresen» frå , den 8. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Alexandra Andresen hos Forbes
Kategori:Norske milliardærar Kategori:Norske ryttarar Kategori:Folk frå Oslo