Sophie Wilmès () er ein belgisk liberal politikar for Mouvement Réformateur som i oktober 2019 vart statsminister i Belgia etter Charles Michel. Ho vart dimed den fyrste kvinnelige føderale regjeringssjefen i Belgia. 1. oktober 2020 vart ho etterfølgd som statsminister av Alexander De Croo. Samstundes vart ho utanriksminister, også det som fyrste kvinne i Belgia.
Liv og virke Wilmès studerte marknadsføring ved Institut des Hautes Études des Communications sociales. Ho arbeidde i eit konsulentfirma før ho gjekk inn i lokalpolitikken.
Lokalpolitisk har Wilmès hatt verv i Uccle/Ukkel og Sint-Genesius-Rode og på provinsnivå i Flamsk Brabant. Ho er medlem av det liberale partiet Mouvement Réformateur. Wilmès er tospråkleg.
I 2014 vart Wilmès medlem av det belgiske representantkammeret. Året etter, i 2015, var ho budsjett- og forvaltingsminister.
Då Charles Michel trekte seg som statsminister i samband med at han fekk vervet som president for Det europeiske rådet, vart Wilmès utpeika til etterfølgjaren hans. Ho vart den fyrste kvinnelege statsministeren i Belgia. Regjeringa hennar var et forretningsministerium i påvente av danninga av ei koalisjonsregjering. Den 1. oktober 2020 overtok Alexander De Croo som statsminister. Wilmès vart visestatsminister og utanriksminister i den nye regjeringa; den fyrste kvinna til å fylle utanriksministerposten i Belgia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sophie Wilmès» frå , den 8. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Belgiske statsministrar Kategori:Belgiske politikarar Kategori:Belgiske utanriksministrar