Perleblom (Muscari botryoides) er ei plante i perleblomslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen sikkert forvilla i 1871, men kan ha spreidd seg mykje tidlegare. Perleblom er ganske vanleg på Austlandet og i kyst- og dalstrøk til Rogaland, derfrå meir spreidd til Sør-Troms. Ein del funn som er registrerte som perleblom, kan syne seg å vere krukkeperleblom. I Framandartslista 2023 er arten registrert med høg risiko (HI), oppgradert frå potensielt høg risiko (PH) i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Perleblomslekta