mini|Carl Skottsberg under Magellan-ekspedisjonen. mini|Frå Seno Última Esperanza. Bilde frå boka The wilds of Patagonia; a narrative of the Swedish expedition to Patagonia, Tierra del Fuego and the Falkland Islands in 1907-1909, som kom ut i 1911. Den svenske Magallan-ekspedisjonen 1907–09 var ein vitskapleg ekspedisjon utført av Carl Skottsberg, Percy Dudgeon Quensel og Thore Gustaf Halle for å studera geografi, geologi og flora i Patagonia. Andre område han studerte omfatta Eldlandet, Falklandsøyane, Juan Fernández-øyane, Chiloé-øyane og sentrale Chile. Eit anna føremål med ekspedisjonen var å studera alakaluf-folket som heldt til langs kystane i Vest-Patagonia.

Carl Skottsberg (1880–1963) var ein botanikar som nett hadde teke doktorgraden. Han hadde delteke på Den svenske antarktisekspedisjonen, og hadde fleire spørsmål om området han ønskte å få svar på. Skottsberg blei seinare professor og leiar for Göteborg botaniske hage i 1919. Percy Quensel (1881–1966) var ein geolog som avbraut studia for å bli med på ekspedisjonen, og seinare blei professor i mineralogi og petrografi ved Stockholm universitet i 1914. Thore Gustaf Halle (1884–1964) var botanikar og geologist, og blei professor og kurator ved Naturhistoriska riksmuseet i Sverige i 1915. Gruppa finansierte reisa, som kosta kring 23 000 svenske kroner, gjennom støtte frå mellom anna vitskaplege organisasjonar og privatpersonar. I Chile fekk dei også statleg støtte gjennom lån av eit større skip som gjorde at dei kunne utforska større delar av Patagonia enn planlagd.

Det fyrste målet for reisa var Falklandsøyane, deretter vitja gruppa Eldlandet (Tierra del Fuego) og det innvikla systemet av kanaler og øyer ved sørvestkysten av Sør-Amerika. Dei følgde så kysten av Chile mot nord, og vitja Juan Fernandez-øyane ganske kort. Dei brukte også over fire månader til hest på å ta seg 260 mil sørover langs austsida av Cordillera, frå Nahuel Huapi i nord til Punta Arenas heilt i sør. Siste stopp for ekspedisjonen før han vende tilbake til Sverige i juni 1909 var Sør-Georgia.

Skottsberg gav ut dei botaniske resultata av forskingsreisa i ein serie på elleve artiklar. Quensel laga eit oversiktskart over berggrunne i den sørlege delen av Sør-Amerika som var det fyrste i sitt slag. Han tok doktorgraden i 1911 med ei avhandling om dei tertiære magmatiske bergartane i dei sentrale og austlegaste delane av Andesfjella. Også Halle bygde doktorgraden sin på forsking frå reisa, med ei geologisk avhandling om Falklandsøyane.

Sjå òg

Den svenske antarktisekspedisjonen

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Swedish Magellanic Expedition» frå , den 23. februar 2023. oppgav desse kjeldene: Swedish Magellanic Expedition: Preliminary report Carl Johan Fredrik Skottsberg (Dictionary of Falklands Biography) Thore Gustaf Halle (Dictionary of Falklands Biography)

Bakgrunnsstoff

Thore Gustaf Halle (1911) On the geological structure and history of the Falkland Islands (Uppsala University) Percy D. Quensel (1911) Geologisch-petrographische Studien in der patagonischen Cordillera (Uppsala University) Carl Skottsberg (1919) The Wilds of Patagonia (London: Edward Arnold)

Kategori:Chilensk historie Kategori:Svenske ekspedisjonar Kategori:Patagonia Kategori:Utforskinga av Sør-Amerika Kategori:Hendingar i 1907 Kategori:Hendingar i 1908 Kategori:Hendingar i 1909