Bohemian Club er ein USA-amerikansk herreklubb som held til to stader: Eit klubbhus i Nob Hill i San Francisco i California og Bohemian Grove nord for byen i Sonoma County. Han blei grunnlagd i 1872 av ei gruppe journalistar, kunstnarar og musikarar som jamleg kom saman, og tok etterkvart også opp forretningsfolk som permanente medlem. Han gav også mellombels medlemskap til universitsleiarar (til dømes frå Berkeley og Stanford) og militærleiarar som gjorde teneste i San Francisco Bay Area. Kvinner kan ikkje bli medlem av klubben.
Klubbhus mini|Klubben sin uglemaskot avbilda ved hovudinngangen til 624 Taylor Street. Rundd ugla står bokstavan B og C og mottoet til klubben.
City Club held til i ein seksetasjes murbygning på hjørnet mellom Post Street og Taylor Street, to kvartal vest frå Union Square, og i same kvartal som Olympic Club og Marines Memorial Club. Klubbhuset har spiserom, møterom, ein bar, eit bibliotek, eit kunstgalleri, eit teater og gjesterom.
Bohemian Grove mini|Cremation of Care måla av Jules Tavernier i 1881.
Kvart år held klubben ein tre veker lang (tre helger) leir ved Bohemian Grove, som er kjend for framståande gjester og ein eklektisk seremoni kalla Cremation of Care der ein brenn ein figur som førestiller "Care" (alle plagene ein måtte ha i livet) og har storslåtte kostyme og pyroteknikk. Dette skjer ved breidda av ein innsjø ved foten av ein 12 meter høg uglestatue. Det blir også framført to utandørs spel, kalla Grove Play eller High Jinks og det meir komiske Low Jinks.Garnett, 1908.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bohemian Club» frå , den 26. februar 2023.
Bibliografi
Domhoff, G. William. Bohemian Grove and Other Retreats: A Study in Ruling-Class Cohesiveness, Harper & Row, 1975. Dulfer & Hoag. Our Society Blue Book, San Francisco, Dulfer & Hoag, 1925. Garnett, Porter, The Bohemian Jinks: A Treatise, 1908
Parry, Albert. (2005.) Garretts & Pretenders: A History of Bohemianism in America, Cosimo, Inc. Watson, E. H. "The Bohemian Club Legacy." The English review 62.3 (1936): 289-306. Primærkjelder
Bohemian Club. Constitution, By-laws, and Rules, Officers, Committees, and Members, 1904 Bohemian Club. Semi-centennial high jinks in the Grove, 28 . juli 1922. Haig Patigian, Sire. Bohemian Club. History, officers and committees, incorporation, constitution, by-laws and rules, former officers, members, in memoriam, 1960 Bohemian Club. History, officers and committees, incorporation, constitution, by-laws and rules, former officers, members, in memoriam, 1962
Arkivkjelder Finding Aid to the Bohemian Club Collection 1872-2009 (bulk 1890-1970) at the San Francisco Public Library, Book Arts and Special Collections Center Finding Aid to Bohemian Grove Photographs, 1890 to 1950, at San Francisco Public Library, San Francisco History Center
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1872 Kategori:Herreklubbar Kategori:Klubbar i USA Kategori:San Francisco