Sølvsilda var ei norsk utmerking til fiskefartøy som hadde størst totalfangst under vintersildfisket. Første sølvsilda vart utdelt i 1958 og den siste i 1971.

Sølvsilda vart utdelt av Eriksens Oljeklædefabrik i Ålesund. Sølvsilda vart overlevert ved ei tilstelling etter vintersildfisket, der mannskap, folk frå reiarlaget, representantar frå fiskeriorganisasjonane og pressa var til stades. Reiarlaget fekk ei storsild i ekte sølv og i naturtru storleik, montert på ei plate. Kvar av mannskapet fekk eit sølvfat med inngravert sild. Det var stor prestisje i å vinne sølvsilda, og i vintersild-distrikta var engasjementet stort. I tre år på rad fekk Torrison-reiarlaget i Meløyvær sølvsilda: «Ole Torrisen» i 1964, og «Torris» i 1965 og 1966.

Det vart utdelt sølvsild til beste snurpar, som fiska med snurpenot. Nokre år fekk beste drivar, som fiska med drivgarn, sølvsild, og eitt år vart sølvsild utdelt til beste trålar.

Vinnarar av sølvsilda

ÅrType fartøy Fiskefartøy Registrerings nr. Total fangst 1958 Snurpar «Langvin» M – 250 - A 8 771 hl1959 Snurpar «Fisk» M – 105 - H 18  365 hl1959 Driver «Nybo» M – 56 - SA 4 294 hl1960Snurpar «Veslegut» M – 27 - BS 10 776 hl1960 Drivar «Yngvar» F – 72 - V 2 515 hl1961Snurpar «Ligrunn» H – 453 - F 5 500 hl1962 Snurpar «Staaløy» H – 38 - AV 4 224 hl1962 Drivar «Verning»SF – 27 - B 1 177 hl1963Snurpar «Sigerfjord»N – 153 - SO4 032 hl 1963 Drivar «Strand Senior» M – 25 - H 955 hl1964 Snurpar «Ole Torrissen» N – 540 - ME20 286 hl 1965Snurpar «Torris» N – 155 - ME 1965Drivar «Vikavåg»M – 2 - F 1 147 hl 1966Snurpar «Torris» N – 155 - ME 36 139 hl1966 Drivar «Soløyvåg»M – 80 - F 1 660 hl1967Snurpar «Radek» H – 12 - A 26 600 hl 1967Trålar «Ponny» VA – 94 - K 2 364 hl 1968Snurpar «Uksnøy»M – 175 – SØ6 495 hl 1969Snurpar «Ny-Eros»M – 39 - HØ7 640 hl 1970Snurpar «Artus» M – 79 - HØ 5 625 hl 1971Snurpar «Tornado»M – 18 - AK 3 171 hl

Kjelder Per Helge Pedersen og Åge Olsen: Havets sølv Kystens gull . Kristiansund – den siste store sildebyen i Norge. Per Helge Pedersen ENK 2022 ISBN 978-82-692255-1-8 Norvald Kjerstad: FISKERFOLKET Illustret fiskeri- og fartøyhistoreie fra Lepsøya (1870 – 2013) Kjerby AS og Lepsøy Bygdearkiv 2013. ISBN 978-82-998466-1-5

Kategori:Fiske Kategori:Norske prisar og utmerkingar Kategori:Skipingar i 1958 Kategori:Nedleggingar i 1971