«» (bretonsk uttale [ˈfyːlɛn]; norsk omsetjing ‘gneist’ eller ‘ung jente’) er ein song frå 2022 med den fransk-bretonske gruppa Alvan & Ahez. Songen er komponert av Alexis Morvan-Rosius, med bretonsk tekst av Marine Lavigne. Songen var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, etter at han vann den franske songtevlinga laurdag 5. mars 2022.

Om songen Musikken til «Fulenn» er komponert av elektromusikaren Alvan (Alexis Morvan-Rosius), med tekst av Marine Lavigne, medlem av den bretonske vokalgruppa Ahez. Teksten er på bretonsk, og den handler om frigjeringa av kvinner. Historien i songen er inspirert av ei bretonsk legende, Katell Kollet. Ifølgje folkesongen var ho ei ung og vakker jente, som tidvis vart sett på som lausslept. I teksten frigjer ho seg frå blikka frå andre ved å danse etter mørkerets frambrot i ljoset frå eit bål. Men ein dag møter den unge jenta ein djevel, som dreg ho inn i ein mystisk dans.

«Fulenn» var ein av rundt 3 000 låtar som var til vurdering for deltaking i songtevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez! på tv-kanalen France 2. Vinnaren får representere Frankrike i Eurovision Song Contest. «Fulenn» vart til slutt plukka ut blant 12 låtar til å delta i tevlinga i Paris laurdag 5. mars 2022.

I finalen var songen favoritt hos både juryen og sjåarane, og han vann ein klar siger med til saman 222 poeng. Gjennom sigeren vart «Fulenn» det franske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia laurdag 14. mai. Der enda han nest sist av 25 bidrag med 17 poeng.

Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Litauen (AGATA) 22 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 18

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fulenn» frå , den 9. desember 2022.

Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Bretonskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar