Mark Elliot Zuckerberg () er ein amerikansk konsernsjef. Zuckerberg var initiativtakar og medgründer av Facebook, som gjorde han til milliardær i ung alder.
Bakgrunn Mark Zuckerberg vaks inn i ein jødisk familie. I ein periode definerte han seg som ateist, men slutta seg til den jødiske trua etter at han sjølv vart far. Mora hans, Karen Kempner, var psykiater, og faren, Edward Zuckerberg, var tannlege. Forfedrane hans kom frå Tyskland, Austerrike og Polen. Han vaks opp i White Plains i delstaten New York. Zuckerberg kan både lesa og skriva på fem språk: engelsk, fransk, latin, gresk og hebraisk. Han har òg overkomeleg kjennskap til kinesisk.
Zuckerberg skipa nettsamfunnet Facebook saman med klassekameratane Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin og Chris Hughes medan han var student ved Harvard University. I 2006 avslutta han studiane sine utan eksamen for å satsa på Facebook.
I 2010 hadde Zuckerberg ein anslått formue på 6,9 milliardar dollar,Forbes billionaire topic page on Mark Zuckerberg Forbes. inloggning behövs, besøkt april 2010. og var den yngste dollar-milliardæren i verda allereie i oktober 2009.In Pictures: The World's Youngest Billionaires. Forbes.com, besøkt 8. oktober 2009.
Den 19. mai 2012 gifta han seg med Priscilla Chan, som han hadde møtt på ein fest i 2003. Saman har dei tre born Dei bur i ein villa i Palo Alto i California. Han kjøpte alle dei fire tilgrensande eigedomane for å kunna vera fri frå blikket til nysgjerrige naboar.
I 2017 vart han gjort til æresdoktor ved Harvard University.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mark Zuckerberg» frå , den 9. desember 2022.
Kategori:Konsernsjefar Kategori:USA-amerikanske gründerar Kategori:USA-amerikanske oppfinnarar