Věra Čáslavská () var ein tsjekkisk turnar frå Praha som representerte Tsjekkoslovakia. I tida 1964-68 vann ho sju gullmedaljar i olympiske leikar, fire i verdsmeisterskap og elleve i europameisterskap.
Karriere Čáslavská debuterte internasjonalt ved verdsmeisterskapen 1958, der ho fekk sølv i lagtevlinga. Også i Sommar-OL 1960 tok det tsjekkoslovakiske laget sølvmedalje. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 1964 vann ho både mangekampen og øvingane bom og hopp. I europameisterskapane 1965 og 1967 sigra ho i alle dei fem individuelle tevlingane. Under Sommar-OL 1968 i Mexico tok Čáslavská medalje i alle seks tevlingane. Ho vann gullmedaljen i mangekampen og i frittståande, hopp og skranke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Věra Čáslavská» frå , den 2. desember 2022.
Kategori:Tsjekkoslovakiske turnarar Kategori:Tsjekkiske turnarar Kategori:Idrettsleiarar Kategori:Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1968 Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen Kategori:Folk frå Praha