Chanel Terrero (fødd 28. juli 1991 i Havanna på Cuba), kjend under artistnamnet Chanel, er ein cubansk-spansk songar, skodespelar og dansar. Ho vann den spanske songtevlinga Benidorm Fest 2022 og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2022 med songen «SloMo».

Bakgrunn Terrero vart fødd i den cubanske hovudstaden Havanna i 1991, men som treåring flytta ho og familien til Olesa de Montserrat i Catalonia i Spania. Allereie som barn tok ho kurs og undervisning innan ballett, song og skodespel.

Terrero flytta seinare til Madrid for å satse på ein skodespelarkarriere. Utover i 2010-åra vart ho kjend da ho spelte i musikalar som Mamma Mia!, Flashdance, Bodyguard og Løvenes konge. Ho gjorde seg også merka i ei rekkje mindre rollar på film og fjernsyn i Spania, blant anna deltok ho som dansar i realityprogrammet Tu cara me suena. I 2010 dansa ho også med Shakira då ho opptredde under MTV Europe Music Awards.

I desember 2021 kunngjorde den spanske ålmennkringkastaren RTVE at Chanel var blant dei 14 deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest 2022. Tevlinga vart arrangert i Benidorm i slutten av januar 2022, og vinnaren fekk representere Spania i Eurovision Song Contest. Chanel vann den fyrste semifinalen 26. januar, og deretter vann ho finalen 29. januar med låten «SloMo». Ho fekk dimed representere Spania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. I Eurovision Song Contest enda Chanel på tredjeplass, noko som var den beste plasseringa til Spania på 27 år. Ved heimkomsten i Madrid dagen etter finalen vart ho teken imot av fleire tusen fans på Plaza Mayor, og ho vart gratulert av den spanske kongefamilien.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chanel Terrero» frå , den 1. november 2022.

Kategori:Cubanske songarar Kategori:Spanske songarar Kategori:Cubanske skodespelarar Kategori:Spanske skodespelarar Kategori:Cubanske dansarar Kategori:Spanske dansarar Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Folk frå Havanna