William Brady, kjent som Liam Brady, () er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin. Han var ein framifrå offensiv midtbanespelar, kjend for sin utsøkte teknikk og si evne til ballkontroll, som para med ein presis venstrefot og eit uvanleg blikk for spelet gjorde han til den fremste playmakeren i engelsk seriefotball dei siste åra fram til 1980.

Karriere Klubbspel Brady fekk sin ligadebut med Arsenal FC hausten 1973. Frå 1977 var han ein av dei dominante spelarane i engelsk 1. divisjon. Våren 1979 var han med på å sikre Arsenal FA-pokalen, etter ein sesong der han vart kåra til årets spelar i engelsk fotball. Sommaren 1980 vart han overført til den italienske klubben Juventus. Både i 1981 og 1982 vart han seriemeister med klubben frå Torino, i den fyrste sesongen sågar klubben sin toppskårar i Serie A med 8 nettkjenningar. Perioden 1982-87 var han aktiv for andre italienske fotballag: 1982-84 Sampdoria, 1984-86 FC Inter og til sist Ascoli. I mars 1987 skreiv han kontrakt med engelske West Ham United. Han fylgde klubben ned i 2. divisjon, la opp våren 1990.

Landslagsspel Frå 30. oktober 1974 til 16. mai 1990 spelte Brady 72 landskampar for Irland, skåra 9 mål. Det irske landslaget klarte ikkje å kvalifisere seg til noko internasjonal turnering i hans tid som aktiv spelar.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 1979 for Arsenal FC Italiensk seriemeister: 1981 og 1982 for Juventus Finalist i Cupvinnarcupen: 1980 for Arsenal FC

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Liam Brady» frå , den 31. oktober 2022.

Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Ascoli-spelarar Kategori:Folk frå Dublin