Murielle Ahouré () er ein ivoriansk friidrettsutøvar som tevla på sprintdistansane. Ho var på 2010-talet ein av verdas beste 100-meterløparar, vann to VM-sølv i 2013.
Aktiv Ahouré tok seg til finale både på 100 m og 200 m under Sommar-OL 2012, utan å prege løpa. Sommaren 2013 presterte ho livsbeste på 200 meter med 22,24 sekund i eit stemne i Monaco. Tre-fire veker seinare vart ho dobbel sølvmedaljør i Friidretts-VM i Moskva. Fyrst kneip ho medaljen på 100 meter med ein hundredels margin til Carmelita Jeter, deretter kneip ho sølvet på 200 m, der ho og nigerianske Blessing Okagbare på bronseplass fekk lik tid. Shelly-Ann Fraser-Pryce frå Jamaica vann begge VM-finalane.
Ahouré vart afrikameister 2014 på 200 meter i Marrakech. To år seinare vart ho afrikameister på 100 m i Durban. Like før den siste meisterskapen i juni 2016 sette ho personleg rekord med 10,78 sekund ved eit stemne i Monteverde i USA. Både i London-VM 2017 og Doha-VM 2019 kom Ahouré til kort i medaljestriden på 100 meter, i London var ho 0,02 sekund for seint ute til å ta bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 6 på 200 m – 22,57, nr 7 på 100 m – 11,00 VM 2013 i Moskva: Sølv på 100 m – 10,93, og på 200 m – 22,32 VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane på 100 m (10,98=nr 9) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane på 100 m (11,01=nr 10) og 200 m (22,59=nr 12) VM 2017 i London: Nr 4 på 100 m – 10,98 VM 2019 i Doha: Nr 5 på 100 m – 11,02 OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 100 m (11,28=nr 19) VM 2022 i Eugene: Utslått i semifinalane på 100 m (11,25=nr 20) VM 2023 i Budapest: Utslått i forsøket på 100 m (11,29=nr 28)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Murielle Ahouré» frå , den 16. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Ivorianske friidrettsutøvarar Kategori:Ivorianske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Ivorianske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Ivorianske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Abidjan