Safia Abdi Haase () er ein norsk-somalisk sjukepleiar som er kjend for arbeidet sitt mot kjønnslemlesting. Kongen utnemnde i 2014 Haase til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt til beste for levevilkåra til kvinner og barn.
Haase kom til Noreg frå Somalia som kvoteflyktning i 1992, som aleinemor med tre døtrer og utan utdanning. Ho har mellom mykje anna vore med på å utforma Regjeringa sin Handlingsplan mot kjønnslemlestelse, og har sete i det nasjonale utvalet KIM som arbeider med strategiar for å kjempa mot rasisme og fremje aksept og forståing mellom kulturar.
I 2002 kom dokumentarfilmen Safia og døtrene hennar.
Ho fekk i 2011 ein pris frå Unni og Jon Dørsjøs minnefond for det kontaktskapande arbeidet sitt mellom somaliarar og nordmenn, og for at ho er ein viktig rollemodell for innvandrarkvinner i Noreg.«Tente på omskjæring - får pris», artikkel fra Aftenposten, 19. oktober 2011
I 2007 fekk Safia Abdi Haase Blanche Majors Forsoningspris for engasjementet sitt for pluralisme og inkluderande politikk.«Blanche Majors Forsoning», fra nettsidene til Aktive Fredsreiser Ho har sett fokus på ukultur både i norsk offentleg forvaltning og i ulike innvandringsmiljø. Prisen blir delt ut av Aktive Fredsreiser kvart år og går til personar eller organisasjonar som på ulike plan engasjerer seg i forsoning og forsoningsprosesser. Prisen peikar på viktigheita av forsoningsarbeidet som eit ledd i fredsskapande arbeid, særleg i forhold til partar som er, eller har vore, i konflikt.
I 2014 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 2016 mottok ho Amnestyprisen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Safia Abdi Haase» frå , den 16. juli 2022.
Bakgrunnsstoff «En gripende flyktningehistorie», artikkel i samband med TV-aksjonen 2010 «Presentasjon av Safia Abdi Haase.», frå organisasjonen Amathea (arkivert nettside) Om Safia Abdi Haase, frå NRK Østfold 27. september 2014 «Somalia activist Safia Abdi Haase gets Norway medal», artikkel frå BBC 3. oktober 2014
Kategori:Nordmenn av somalisk opphav Kategori:Folk frå Halden Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:St. Olavs Orden