Mazo de la Roche () var ein kanadisk forfattar. Ho er mest kjend for den populære Jalna-serien, som utkom frå 1927 til 1958 i 16 bind.

Bakgrunn Mazo de la Roche var einaste barn av seljaren William Roche og Alberta (Lundy) Roche. Ho hadde ein einsam oppvekst og familien flytta ofte. Ho fann tilflukt i bøker, og utvikla si eiga fantasiverd kalla «The Play», som ho utvikla med personar og hendingar. Ho var berre ni då ho skreiv si første novelle.

Då ho var sju år gammal adopterte foreldra hennar den yngre kusina Caroline Clement, som hadde mista foreldra. Ho lét seg trekka inn i Mazo si fantasiverd, og vart etterkvart lispartnaren hennar. Paret levde eit tilbaketrekt liv. I 1931 adopterte Roche/Clement to barn. Eit søskenpar som hadde vorte foreldrelause, foreldra til barna hadde vore vener av Roche og Clement.

Ein av bustadene til familien i Mazos barndom var i nærleiken av ein større gard, drive som hobbybruk av ein rikmann. Det var utor denne staden at ho byrja å utvikla historiene som vart til Jalna-serien. Herregarden Benares Historic House i Clarkson i Ontario blir rekna for å vera denne staden, og staden blir no forvalta av Ontario Museum Association. Ein park i nærleiken har fått namnet Whiteoaks, henta frå serien.

Heimen til de la Roche i 3590 Bayview Avenue i Toronto vart i 1975 kjøpt av The Zoroastrian Society of Ontario, som bruker huset som forsamlingshus.

Eit tilbakevendande spørsmål er uttala av namnet. Det skal uttalast may'zo og rosh.

Forfattarskap Den første forteljinga hennar vart publisert i Munsey's Magazine i 1902, men skriving som karriere byrja ho med først etter at faren var død. Dei to første romanane hennar, Possession (1923) og Delight (1926), var romantiske forteljingar som gjorde lite inntrykk på kritikarane og bokkjøparane.

Den tredje romanen ho skreiv var Jalna. Den sende ho inn til tidsskriftet Atlantic Monthly i USA, der ho vann ein pris på 10 000 dollar for han. Sigeren i romankonkurransen og den følgjande utgjevinga gav forfattaren – som då var 48 år gammal – både ære, ry og inntekter. Serien vart ein suksess, og ho skreiv etterkvart 16 bøker i Jalna-serien, eller Whiteoak-krønikene. Serien skildrar Whiteoak-familiens liv gjennom 100 år, frå 1854 til 1954 Romanane vart ikkje skrivne i kronologisk orden, og kvar av dei kan lesast som ei sjølvstendig forteljing.

Enkelte kritikarar har påpeika likskapar mellom Roche si eiga familiehistorie og opp- og nedgangen til Whiteoak-familien. Det blir òg antyda at Finch i Finch's Fortune har fleire likskapstrekk med forfattaren.

Serien har selt i meir enn 11 millionar eksemplar gjennom utgåver på ei lang rekke språk. Serien er filmatisert 2 gonger.

Jalnaserien NrUtgjeve årOriginaltittelNorsk omsetjing11944Building of JalnaJalna blir til21960Morning at JalnaMorgen på Jalna31949Mary WakefieldMary Wakefield41935Young RennyUngdom og galskap; først utgitt som De unge på Jalna51940Whiteoak HeritageRenny61953The Whiteoak BrothersGull og kjærlighet 71927JalnaHans brors hustru; først utgitt som Jalna81929Whiteoaks (Whiteoaks of Jalna)Den gamle herregården, først utgitt som Familien på Jalna91932Finch's FortuneUng kjærlighet, først utgitt som Finch's formue101933The Master of JalnaHerren til Jalna; først utgitt som Herren på Jalna111936Whiteoak HarvestFlukt og forsoning, først utgitt som Vinter på Jalna121941Wakefield's CourseFarlig forelskelse131946Return to JalnaHjem fra krigen141951Renny's DaughterRennys datter151954Variable Winds at JalnaSol og skyer over Jalna161958Centenary at JalnaJubileum på Jalna Serien er omsett til norsk av Liv Malling, og er utgjeven fleire gonger: 1934-60, 1962, 1974, 1976, 1980, 1987. Ho har også skrive andre bøker.

Filmatiseringar

Jalna frå 1935, basert på romanen.IMDb The Whiteoaks of Jalna, 1972, ein tv-serie frå CBC i tretten timelange episodar.IMDb film.queensu.ca Jalna, 2004, tv-serie frå France 2, 8 episodar på 90 minutt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mazo de la Roche» frå , den 16. juli 2022.

Kategori:Kanadiske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet