Kvitkurle (Pseudorchis albida) er ein plante i kvitkurleslekta Pseudorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Kvitkurle er ei lita gulgrøn plante som kan blir om lag 25 centimeter høg. Planta har små kvite blomar med tredelt leppe i eit smalt aks. Sideflikane på leppa er smalare og kortare enn midtfliken.

Systematikk Kvitkurle var tidlegare knytt til slektsnamnet Leucorchis, men blir no rekna til slekta Pseudorchis. Kvitkurle og den nære slektningen fjellkvitkurle har til tider vore rekna som eigne artar under dei to slektsnamna, til andre tider som underartar, då med kvitkurle som nominatunderarten ssp. albida.

I den tyske klassifiseringa reknar ein to underartar av kvitkurle: Pseudorchis albida subsp. albida Pseudorchis albida subsp. tricuspis

Utbreiing I Noreg veks kvitkurle helst på gammal beitemark og slåttemark i høgareliggjande område, men har òg funne seg til rette i somme lågareliggjande habitat. Arten har eit tyngdepunkt i Midt-Noreg. Planta står på Norsk raudliste for artar, og er i 2021 oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).

Arten finst òg i Sverige (svensk namn vityxne) der han er nedgradert frå sterkt truga til sårbar (VU) frå 2025, og i Danmark (sjælden, dansk namn hvid sækspore).

Kvitkurle (engelsk namn small white orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, mest i nord, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU). Lokalt er han sårbar (VU) i England og i Skottland, men kritisk truga (CR) i Wales. I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015, og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).

I Benelux var arten (nederlandsk namn witte muggenorchis, fransk namn orchis blanc) i Nederland berre å finne i Limburg, sist sett der i 1908. I Belgia finst han ikkje i Flandern, men i Vallonia er han svært sjeldan i dei nordaustlege Ardennane. I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland). I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia. I Luxembourg finst han ikkje.

I Tyskland er arten (tysk namn Gewöhnliche Weißzunge) rekna som sårbar (VU, gefährdet). I Polen (polsk namn gołek białawy) veks arten heilt i sør og blir rekna som nær truga (NT, bliski zagrożenia).

Hybridar Kvitkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida eller ×Pseudadenia schweinfurthii), registrert i Sverige og på Dei britiske øyane i Yorkshire og Skottland. På Orknøyane er det òg registrert ein intergenerisk hybrid med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Pseudorchis albida eller ×Pseudorhiza bruniana).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Kvitkurleslekta