«Gypsy Roadhog» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1977 som den einaste singelen frå det syttande studioalbumet deira, Whatever Happened to Slade. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde 48. plassen på den britiske singellista.

Etter at dei hadde framført songen på barne-TV-showet Blue Peter kom det klagar på teksten i songen, og BBC fjerna songen frå spelelista si. Songen nådde dermed ikkje høgare enn 48. plassen på singellista og låg berre to veker inne på lista. Då Whatever Happened to Slade kom ut i mars gjekk det ikkje inn på albumlista i det heile.Whatever Happened to Slade - Salvo 2007 remaster booklet liner notes

Songen handlar om ein kokainlangar i Amerika, men var i følgje Holder ein anti-dop-song. Singelen var den første til Slade som kom ut på Barn, eit selskap eigd av manageren deira, Chas Chandler. B-sida til singelen var «Forest Full of Needles», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samleplata B-Sides i 2007.

Bandet framførte songen på Top of the Pops, Supersonic og Blue Peter.

Innhald 7"-singel «Gypsy Roadhog» - 3:20 «Forest Full of Needles» - 3:30

Salslister Liste (1977)PlasseringUK Singles Chart48

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, rytmegitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande Chas Chandler - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gypsy Roadhog» frå , den 13. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Songar om narkotika