Tonje Brenna () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som har vore parlamentarisk leiar for partigruppa på Stortinget sidan september 2025. Ho var kunnskapsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2023, og arbeids- og inkluderingsminister frå 2023 til 2025. Ho har vore fylkesrådsleiar i Viken fylke frå 2020.
Karriere Brenna var medlem i Akershus fylkesting frå 2007 til 2019, vald for Arbeidarpartiet. Mellom 2010 og 2012 arbeidde ho som generalsekretær i Arbeidarane si ungdomsfylking. I perioden mellom 2012 og 2013 var ho politisk rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet og ved Statsministerens kontor. Hausten 2019 var ho Arbeidarpartoet sin fyrstekandidat til fylkestingvalet i Viken fylke. Fylkestinget valde henne til å leie fylkesrådet.
Brenna var ein av dei som overlevde terroraksjonen på Utøya 22. juli 2011.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tonje Brenna» frå , den 14. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Politiske rådgjevarar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029