«Rock 'n' Roll Bolero» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1978 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea. Songen nådde ikkje den britiske singellista.

Lea spelte elektrisk fiolin på songen for første gongen sidan Slade-singelen «Coz I Luv You» frå 1971. Songen vart spelt inn i juni 1978 og hadde arbeidstittelen «I've Been Rejected». I juli spelte bandet inn songen på ny som «Rock 'n' Roll Bolero» i Portland Studios i London.

B-sida til songen var «It's Alright Buy Me», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides i 2007. I Frankrike var A- og B-sidene byta om og «It's Alright Buy Me» vart A-sida.

Format 7"-singel «Rock 'n' Roll Bolero» - 4:04 «It's Alright Buy Me» - 3:20

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, rytmegitar, produsent Dave Hill - sologitar, korvokal, produsent Jim Lea - elektrisk fiolin, bass, korvokal, produsent Don Powell - trommer, produsent

Andre medverkande Chas Chandler - produsent på «It's Alright Buy Me»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rock 'n' Roll Bolero» frå , den 13. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Noddy Holder Kategori:Songar produserte av Dave Hill Kategori:Songar produserte av Don Powell