«In for a Penny» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den første singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde 11. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i åtte veker.
Songen har den lengste gitarsoloen på ein Slade-singel, framført av gitaristen Dave Hill. Like før den andre gitarsoloen på songen, roper Holder linja «Ee, they got a band», som var ein referanse til ein britisk TV-reklame der ei kvinne feilaktig trur at ein gjeng gangsterar med fiolinkassar er ei musikkgruppe.Nobody's Fools - Salvo 2007 remaster booklet liner notes
B-sida til singelen «Can You Just Imagine» var eksklusiv for singelen og kom seinare ut på samleplata B-Sides i 2007.
Det vart ikkje laga musikkvideo for å marknadsføre songen, men bandet framførte songen på TV-showa Top of the Pops og Supersonic.
Innhald 7"-singel «In For a Penny» - 3:34 «Can You Just Imagine» - 3:31
Salslister Liste (1975)PlasseringIrish Singles Chart12Den svenske singellista14UK Singles Chart11
Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, gitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, trekkspel, korvokal Don Powell - trommer
Andre medverkande Chas Chandler - produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In for a Penny» frå , den 13. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Polydor Records-singlar