«Blackout» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Forfattaren Nicholas Pegg skildra sporet som «typisk for den mørke, spanande lydmessige schizofrenien på "Heroes"»,Pegg, Nicholas (2016) . The Complete David Bowie. London: Titan Books, s. 40. medan biografen David Buckley skreiv om «eit akkompagnement på grensa til industriell».Buckley, David (2016) . Strange Fascination. David Bowie: The Definitive Story. London: Random House, s. 277. Når det gjaldt teksten og emnet sa Bowie sjølv i 1999 at songen «faktisk syner til straumbrot. Eg kan ærleg talt ikkje sei om det var den i New York i 1977, men det er truleg at det biletet låste seg i hovudet mitt.»

Mottaking NME-skribentane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte at songen hadde «overtonar av Bowie sin personlege blackout i Berlin (der han kollapsa og vart køyrd til sjukehus),» og nemnde linja «Get me to the doctor» og ein atmosfære av «desorientering, fragmentering, panikk».Carr, Roy og Murray, Charles Shaar (1981). Bowie: An Illustrated Record. Plexus Publishing, s. 92.

I følgje musikkprofessoren James E. Perrone, var denne «opprivande» songen den minst tilgjengelege på albumet, og var ein forløpar for dei eksperimentelle songane på det neste albumet til Bowie, Lodger (1979). Teksten er vanskeleg å høyre, skriv han, som følgje av etterklangen Bowie og Visconti la til. Nicholas Pegg rekna at linja «Someone's back in town, the chips are down» kan ha synt til kona til Bowie, Angela Bowie, som nettopp hadde kome til Berlin kring denne tida.

Forfattaren Chris O'Leary omtalte «Blackout» som «så ru som "Heroes" blir» og «høyrest ut som eit monster». Han trekte òg samanlikningar til tidlegare songar, som «Suffragette City» frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og «Stay» frå Station to Station.

Oppkuttingsteknikken av teksten på «Blackout» var ein del av utstillinga David Bowie Is i 2013 i Victoria and Albert Museum.«'David Bowie Is' ready to open at London's Victoria and Albert Museum». USA Today. 20. mars 2013.«Career Cameleon». The National Post. 16. mars 2013, p. 67.

Konsertversjonar Ein konsert spelt inn under turneen til Bowie i 1978 kom ut på det andre konsertalbumet hans, Stage. Denne versjonenk om ut på singel på RCA i Japan i november 1978, med B-sida «Soul Love» frå den same konserten. Eit anna konsertopptak frå 1978 kom ut på albumet Welcome to the Blackout, gjeve ut i 2018. Bowie sin introduksjon til songen var albumtittelen på dette albumet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blackout (David Bowie song)» frå , den 19. august 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti