«Sense of Doubt» er eit instrumentalt stykke skrive av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var den første av tre instrumentalar på side to av den originale vinylplata som glei over i kvarandre, før «Moss Garden» og «Neuköln».
Verket er omtalt som «storarta» og «grundig fryktinngytande»,David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.324Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.92-94 og er eit av dei mørkare spora på albumet, med eit fallande fire notar langt pianomotiv ved sidan av «ei skummel synthlinje som henta frå ein lydbit frå ein stumfilm frå ekspresjonisttida». Brian Eno sa at dei kontrasterande temaa var resultatet av at han og Bowie kvar følgde eit Oblique Strategies-kort for å rettleie dei i innspelinga. Eno sitt instruerte han til å «gjere alt så likt som mogeleg» og Bowie sitt var å «understreke skilnader».NME interview (1977) cited at Bowie: Golden Years. Henta 20. mai 2007.
«Sense of Doubt» vart framført på det italienske TV-programmet L’altra domenica i 1977 og gjennom “Heroes”-turneen i 1978.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.183
Konsertversjonar
Framføringar frå “Heroes”-turneen i 1978 er komne ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).
Andre utgjevingar
Han kom ut som B-sida til singelen «Beauty and the Beast» i januar 1978, ei samansetting som NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte «må vere moro på jukeboksane på pubane». Ei biletplate kom ut i RCA Life Time-serien. Songen er nytta i Christiane F. og det tilhøyrande albumet.
Andre versjonar
Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996) Steve Adey spelte songen på albumet Do Me a Kindness frå 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sense of Doubt» frå , den 19. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti