«V-2 Schneider» er ein stort sett instrumental låt skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var ein hyllest til Florian Schneider,Roy Carr og Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92 opphavleg medlem i bandet Kraftwerk, som Bowie var inspirert av på den tida.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.302 Tittelen syner òg til V-2-raketten, det første ballistiske missilet, som vart utvikla av den tyske hæren under andre verdskrigen.
Dei einaste orda som vert sungne er tittelen, først forvrengde med phasing.Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s. 228 Musikalsk er sporet uvanleg for ein off-beat saksofon av Bowie. Han byrja sin part på feil note, men heldt fram likevel.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s. 324
«V-2 Schneider» vart mykje spelt som B-sida til «“Heroes”», som kom ut før albumet, men vart ikkje spelt på den påfølgjande turneen i 1978. Den første konsertframføringa kom 20 år seinare.
Konsertversjonar Eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i juni 1997 kom ut som B-side til singelen «Pallas Athena» i august 1997 under namnet Tao Jones Index.«Pallas Athena» at Teenage Wildlife. Henta 20. mai 2007. Denne versjonen kom òg ut som bonusspor på Digibook Expanded Edition av Earthling.
Andre utgjevingar Han vart først gjeven ut som B-side på «“Heroes”» i september 1977. Han kom òg ut på den tyske og franske versjonen av singelen, og på ein firespors australsk singel med alle dei tre versjonane av «“Heroes”». Han kom ut på samleplata Chameleon (Australia og New Zealand 1979). Songen er nytta i filmen Christiane F. og på filmmusikkalbumet. Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-serien. Han var med på instrumentalalbumet Bowie sete saman kalla All Saints.
Andre versjonar Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996) Mandarins Drum and Bugle Corps – 2000
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «V-2 Schneider» frå , den 19. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti