Dmitrij Igorevitsj Sjevtsjenko () er ein russisk tidlegare diskoskastar frå Taganrog. Han tok sølvmedaljen i øvinga både under verdsmeisterskapen 1993 og europameisterskapen 1994.
Aktiv Sjevtsjenko vart nummer sju i diskoskastinga ved VM 1991 i Tokyo og nummer åtte under Sommar-OL i Barcelona året etter. I 1993 tok han sølv då Friidretts-VM vart avvikla i Stuttgart, ein liten meter bakom tyske Lars Riedel. Ved EM 1994 i Helsinki sikra han seg ein ny sølvmedalje, slått med 22 cm av kviterussaren Vladimir Dubrovsjtsjik.
Etter å ha vore utestengt i 1996-97, lukkast Sjevtsjenko ikkje å vinne ein internasjonal medalje. Nærast kom han då han vart fjerdemann ved Friidretts-VM 2001 i Edmonton. Livsbeste presterte han då han 7. mai 2002 kasta 70,54 meter ved eit stemne i Krasnodar.
Sjevtsjenko vart sovjetisk diskosmeister i 1991, sidan vart han russisk meister seks gongar. Han er 200 cm høg og vog 140 kg då han var aktiv.
Doping Kort etter han enda på åttandeplass i Göteborg-VM 1995, testa han positivt på det forbodne stoffet metandienon i ei dopingprøve. Dermed fekk han ikkje tevle dei neste to åra.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 7 – 62,90 m OL 1992 i Barcelona: Nr 8 – 61,78 m VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 66,90 m, bakom Lars Riedel (67,72 m) EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 64,56 m, bakom Vladimir Dubrovsjtsjik (64,78 m) VM 1995 i Göteborg: Nr 8 – 63,18 m EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa - 0 VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (60,80 m=nr 19) OL 2000 i Sydney: Nr 11 – 62,65 m VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 67,57 m EM 2002 i München: Nr 6 – 63,97 m VM 2003 i Paris: Nr 10 – 62,28 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa – 0
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dmitri Igorewitsch Schewtschenko» frå , den 9. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Russiske diskoskastarar Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004