Lofotens budstikke var ei norsk lokalavis som kom ut i Vestvågøy i perioden 1895-1897I.M. Nilsen, Håndskrevet og først på Vestvågøy, i D. Sørli (red.), Lofotboka - 95, Årbok for Lofoten 17 årg., Lofotboka forlag 1995.. Ho var den fyrste avisa som vart utgjeven i Vestvågøy. Redaktør var Chr. Christoffersen, som òg var lærar og formann i likningsnemnda. Avisa var skriven for hand av redaktøren. Etter planen skulle ho koma ut to gongar for månaden, men utgjevinga var uregelmessig, både av di redaktøren var oppteken med arbeidet i likningsnemnda og skulen, og nokre gongar av mangel på papir. Lofotens budstikke var ei venstreavis, i samsvar med den politiske ståstaden til redaktøren. Mykje av stoffet handla om kommunale saker, men òg om tilhøvet mellom Noreg og Sverige, som på denne tida ikkje var det beste.

Referansar

Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Skipingar i 1895 Kategori:Nedleggingar i 1897 Kategori:Vestvågøy kommune