Helen Beatrix Potter () var ein engelsk forfattar, illustratør, naturforskar og landskapsvernar. Ho er best kjend for barnebøkene sine om dyr, som The Tale of Peter Rabbit.

Potter var fødd i London i ein familie frå den øvre middelklassen, og hadde ein barndom isolert frå andre barn der ho blei utdanna av guvernanter. Ho hadde talrike kjæledyr og hadde feriar i Skottland og Lake District, der ho utvikla ein kjærleik for landskap, flora og fauna, som ho studerte nøye og måla.

Beatrix Potter sine studiar og akvarellar av sopp gjorde henne respektert i feltet mykologi, eller soppforsking. Då ho var i trettiåra gav Potter ut barneboka The Tale of Peter Rabbit, som blei ein stor suksess. Etter dette blei Potter forfattar og illustratør på fulltid.

Potter skeiv tretti bøker, tjuetre av dei var tales eller soger for barn. Med pengane ho tente på bøkene sine, og ein arv etter ei tante, kjøpte Potter gardsbruket Hill Top i Near Sawrey i 1905; ein landsby i Lake District i Cumbria. I løpet av dei neste tiåra kjøpte ho fleire andre gardsbruk i området for å verna om det unike kulturlandskapet. Potter vann også prisar for avlsarbeidet sitt med herdwicksau, og blei ein velståande bonde med ei sterk interesse for landvern. Ho heldt fram med å skriva og illustrera, og utforma produkt knytte til barnebøkene sine, fram til arbeidet med landbruket og det sviktande synet hennar gjorde det vanskeleg å fortsetja.

I 1913, då ho var 47, gifta Potter seg med William Heelis, ein lokal advokat frå Hawkshead. Ho døydde 77 år gammal i 1943 i heimen sin i Near Sawrey. Ho testamenterte nesten all eigedommen sin til verneorganisasjonen National Trust. Ho har fått æra for å ha verna om mykje av landområdet som no utgjer Lake District nasjonalpark. Bøkene til Potter er blitt omsette til ei rekkje språk og selde over heile verda. Sogene hennar har inspirert songar, filmar, ballettar og animasjonar, og livet hennar er blitt skildra i to filmar og ein tv-serie.

Liv

Bakgrunn og barndom mini|portrett|Beatrix Potter og mora Helen Leech Potter, rundt 1876 mini|Far Rupert Potter, Beatrix Potter og bror Bertram Potter i 1894.

Farfaren til Potter, Edmund Potter, var frå Glossop i Derbyshire, og var eigar av det som då var den største kalikotrykkverksemda i England, og parlamentsmedlem.Lear 2007, s. 10–14

Far hennar, Rupert William Potter (1832–1914), blei utdanna ved Manchester College av den unitariske tenkjaren James Martineau. Deretter utdanna han seg til å bli skrankeadvokat i London. Han gifta seg med Helen Leech (1839–1932) den 8. august 1863 i Hyde Unitarian Chapel i Gee Cross. Helen var dotter av Jane Ashton (1806–1884) og John Leech, ein rik bomullshandlar og skipsbyggjar frå Stalybridge.

Foreldra til Beatrix Potter budde i eit komfortabelt hus i 2 Bolton Gardens i West Brompton, der Helen Beatrix blei fødd 28. juli 1866 og broren hennar Walter Bertram blei fødd 14. mars 1872.Lear 2007, s. 13–24 Sidan mor og dotter hadde same fornamn, blei Beatrix kalla med mellomnamnet sitt. Rupert hadde arva far sin og investert i aksjar, og tidleg på 1890-talet var han blitt svært rik.Lear 2007, s. 19. Rupert came into his father's estate over the course of several years, 1884, 1891 and 1905. The Potters were comfortable but they did not live exclusively on inherited wealth; Lane, (1946) The Tale of Beatrix Potter 1946, s. 1

Begge sider av Potter-familien kom frå Manchester-området.Lear 2007, s. 10 Dei var engelske unitaristar,Lear 2007, s. 9 ei av dissentargruppene i England, som la vekt på einskapen til Gud og fornekta doktrinen om treeininga. Begge foreldra hadde kunstnariske anlegg,Lear 2007, s. 21 Rupert Potter var ein dedikert amatørfotograf.Lear 2007, s. 35–36

Som ung var Beatrix mykje sjuk. Ho blei utdanna heime av tre guvernanter. Den siste av dei var Annie Moore (fødd Carter), som berre var tre år eldre enn Beatrix, og gav henne opplæring i tysk og var selskapsdame for henne.Lear 2007, s. 55 Ho og Beatrix blei verande vennar ut livet, og dei åtte barna til Annie fekk fleire forseggjorte biletbrev frå Potter. Det var Annie som seinare føreslo at desse breva kunne passa som barnebøker.Lear 2007, s. 142; Lane, 1978. The Magic Years of Beatrix Potter. Lane depicts Potter's childhood as much more restricted than either or Potter's two later biographers. Taylor, Beatrix Potter: Artist Story Teller, Ch 1.; Lear, 2007, s. 25–48; Beatrix Potter, The Journal of Beatrix Potter: From 1881–1897.

Beatrix Potter og den yngre broren hennar Walter Bertram (1872–1918) voks opp med få venner utanfor den store slekta si. Foreldra var naturinteresserte, og familien drog ofte til landet. Som barn hadde både Beatrix og Bertram talrike små dyr som kjæledyr som dei observerte nøye. Begge teikna også flittig. I skulerommet sitt hadde borna fleire dyr – myser, kaninar, eit piggsvin og nokre flaggermus, i tillegg til samlingar av sommarfuglar og andre insekt – som dei teikna og studerte.Lear 2007, s. 31, s. 37–44, s. 458nn15 Beatrix var nøye med å ta seg av dyra sine, og tok dei ofte med seg på lange feriar.Judy Taylor, Joyce Irene Whalley, Anne Stevenson Hobbs and Elizabeth Battrick, (1987) Beatrix Potter, 1866–1943: The Artist and Her World, s.9–17, 35–48; Lear, s. 25–48. I dei fleste av dei fyrste femten åra av livet sitt drog Beatrix i sommarferien til Dalguise, ein eigedom ved Tay-elva i Perthshire i Skottland. Der teikna ho og utforska landskapet, og utvikla observasjonsevnene og fantasien sin.Lear 2007, s. 26–8, 51 Beatrix og broren fekk mykje fridom på landet, og lærte mykje om naturhistorie. Ho sette også pris på å prata med og høyra historier frå lokale folk, som den gamle vaskekona Kitty McDonald og den pensjonerte steinhoggaren James Malloch.

I 1882, då Dalguise ikkje lenger var tilgjengeleg, hadde familien Potter sin fyrste sommarferie i Lake District, i Wray Castle i nærleiken av den kjende innsjøen Windermere.Lear 2007, s. 51–2 Her møtte Beatrix Hardwicke Rawnsley, soknepresten i Wray og seinare ein av grunnleggjarane av National Trust. Interessa hans for landskapet og det tradisjonelle livet her inspirerte det same i Beatrix, og fekk ein varig innverknad på livet hennar.Potter, The Journal, 1885–1897Lear 2007, s. 52–3

Då ho var rundt 14 byrja Beatrix å skriva dagbok. Denne blei skriven i ein kode ho hadde laga sjølv, ein enkel bokstavsubstitusjon. Hennar Journal var viktig for utviklinga av kreativiteten hennar, og blei brukt både til skisser og litterære eksperiment: ho skreiv om samfunnet, eigne inntrykk av kunst og kunstnarar, gjenfortalde historier og observerte livet rundt seg.Lear 2007, s.49–51 cf. also s. 463nn1 Dagboka blei dekoda og transkribert av Leslie Linder i 1958. Ho gjev ikkje eit særs personleg bilde av Beatrix Potter, men er ei nyttig kjelde til å forstå ein del av livet i britisk samfunn på slutten av 1800-talet. Dagboka dokumenterer også dei mognande kunstnariske og intellektuelle interessa til Potter, innsikta hennar kring stadane ho vitja og den uvanlege evna hennar til å observera naturen og skildra han. Dagbokskrivinga byrja i 1881 og enda i 1897, då ho la energien sin i naturforsking og forsøk på å gje ut teikningane sin.Potter, "The Journal, 1885–1897" Potter var gåverik, men reservert og keia seg ofte. Ho var på leit etter meir sjølvstendige sysla og ønskte å tena eigne pengar samstundes som ho pliktoppfyllande tok seg av foreldra sine, særleg den krevjande mor si,Lear 2007, s. 94 also cf. s. 474nn55 og styrte dei ulike hushalda deira.

Vitskapleg arbeid mini|Beatrix Potter si teikning av reproduksjonssystemet til Hygrocybe coccinea, 1897. Foreldra til Beatrix Potter var ikkje imot høgare utdanning for dottera, men det var vanleg i viktoriatida at jenter av hennar klasse blei utdanna heime, og dei studerte sjeldan ved universitet.Taylor, Artist, Storyteller, s. 59–61; Elizabeth E. Battrick, (1999) Beatrix Potter: The Unknown Years; Lynn Barber, (1980) The Heyday of Natural History, Brian Gardiner, "Breatrix Potter's Fossils and Her Interests in Geology", The Linnean, 16/1 (January 2000), 31–47; Lear 2007, s. 76–103; Potter, Journal, 1891–1897.

Potter interesserte seg for alle greiner av naturvitskap bortsett frå astronomi.Lear 2007, s. 98 Botanikk var ein lidenskap for mange viktorianarar, og naturstudiar var utbreidde. Potter samla fossil,Brian G. Gardiner, "Beatrix Potter's fossils and her interest in Geology," The Linnean: Newsletter and Proceedings of the Linnean Society of London 16/1 (January 2000), s. 31–47 studerte arkeologiske funn frå utgravingar i London og var interessert i entomologi. Innan alle desse felta teikna og måla ho døma sine med aukande evner. På 1890-talet hadde dei vitskaplege interessene hennar peila seg inn på mykologi, eller sopplære. Ho blei fyrst interessert i sopp på grunn av fargane deira og kor forgjengelege dei var i naturen. Etter å ha gleda seg over å måla dei fekk ho ei djupare interesse etter å ha møtt Charles McIntosh, ein sjølvlært naturforskar og mykolog, under eit sommaropphald i Dunkeld i 1892. Dei byrja brevveksla, og han hjelpte henne med å gjera illustrasjonane meir nøyaktige, lærte henne taksonomi og forsynte henne med levande prøvar ho kunne måla om vinteren. Potter var nyfiken på korleis soppar formeira seg, og byrja teikna mikroskopiske bilde av soppsporar. I 1895 utvikla ho ein teori om korleis dei spira.Lear 2007, s. 81–103 Gjennom nettverket til onkelen sin, sir Henry Enfield Roscoe som var kjemikar og rektor ved University of London, fekk ho møta botanikarar ved Kew Gardens. Her overtydde ho George Massee om evna si til å få sporar til å spira og teorien sin om hybridisering.Lear 2007, s. 117

Etter å ha blitt avvist av William Thiselton-Dyer, direktøren for Kew, på grunn av kjønnet sitt og statusen som amatør, skreiv Beatrix Potter ned konklusjonane sine og skreiv ein artikkel, On the Germination of the Spores of the Agaricineae, for Linnean Society i 1897. Han blei introdusert for forsamlinga av Massee fordi Potter, som kvinne, ikkje hadde løyve til å delta på møta deira eller lesa artikkelen for dei. Seinare trekte Potter tilbake artikkelen, etter å ha funne ut at nokre av prøvane hennar var ureina, men ho fortsette mikroskopstudia sine i fleire år etter dette. Artikkelen hennar blei nyleg gjenoppdaga, saman med dei kunstnariske illustrasjonane som høyrer til.Lear 2007, s. 104–25 Potter gav seinare dei andre mykologiske og vitskaplege teikningane sine til Armitt Museum and Library i Ambleside, der mykologar har brukt dei for å identifisera sopp. Perth Museum and Art Gallery i Perth i Skottland har også ei samling av soppmåleria hennar som blei donerte til dei av Charles McIntosh. I 1967 tok mykologen W.s.K. Findlay med fleire av dei kunstnariske og nøyaktige illustrasjonane til Potter i boka si Wayside & Woodland Fungi, slik at ønsket hennar om å ein dag få soppteikningane sine publiserte endeleg blei oppfylt.Walter Philip Kennedy Findlay, (1967) Wayside & Woodland Fungi I 1997 kom Linnean Society med ei posthum orsaking til Potter for sexismen dei hadde vist henne i handsaminga av forskinga hennar.Lear 2007, s. 125, s.482nn58

Kunstnarisk og litterær karriere mini|portrett|Fyrsteutgåva av Peter Rabbit frå 1902