Den 21. runden i Tippeligaen 2000 vart gjennomført med alle kampane 27. august. Rosenborg gjekk på sitt tredje tap for sesongen då dei overraskande gjekk på eit 2-1 tap heime mot botnlaget Start. Brann gjorde det heller ikkje særskild bra mot Bryne, og klarte berre 0-0. Dermed klatra Viking med sin 2-1-siger mot Tromsø opp på sølvplassen med like mange poeng som Brann. Luka opp til Rosenborg var no på heile ni poeng, fem kampar før slutt. Bryne klatra med det eine poenget forbi Vålerenga på tabellen og opp på trygg plass. Haugesund slo Odd 1-0 heime og reduserte luka opp til kvalikplassen med berre tre poeng. Molde stod for ein storsiger denne runden då dei slo Bodø/Glimt heile 7-1.

Statistikk Mål i alt: 20 Snitt mål: Tilskodarar totalt i serierunden: Tilskodarsnitt per kamp: Flest tilskodarar: (Rosenborg BK - IK Start) Færrest tilskodarar: (FK Haugesund - Odd Grenland) Gule kort: 17 Utvisingar: 0

Kampfakta

*21