Den 24. runden i Tippeligaen 2000 vart gjennomført med alle kampane sundag 1. oktober 2000. Rosenborg gav frå seg poeng denne runden, då dei spelte 2-2 borte mot Vålerenga. Viking vann kampen sin borte mot Bryne 3-0 og knappa inn på leiinga til Rosenborg, som no var seks poeng med to kampar att. Rosenborg hadde så pass mykje betre målskilnad enn Viking, slik at sigeren til Rosenborg i praksis vart trygga denne runden. Brann vann 2-1 heime mot Haugesund og klatra opp på bronseplassen. Stabæk, som hadde hatt denne plassen runden før, tapte mot Lillestrøm, som passerte Stabæk og klatra til fjerdeplassen, begge eitt poeng bak Brann.
I tillegg til Haugesund, tapte Start 3-2 borte mot Tromsø. Bryne tapte som sagt mot Viking og låg no tre poeng over Vålerenga på kvalikplassen, som då vart det einaste laget i botnstriden som tok poeng.
Statistikk Mål i alt: 21 Snitt mål: Tilskodarar totalt i serierunden: Tilskodarsnitt per kamp: Flest tilskodarar: (Bryne FK - Viking FK) Færrest tilskodarar: (Moss FK - Molde FK) Gule kort: 15 Utvisingar: 1
Kampfakta
*24