Jacqueline Todten () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i spydkast både under Sommar-OL 1972 og Friidretts-EM 1974.
Aktiv OL-sesongen 1972 sette Todten personleg rekord med eit kast på 60,00 m. Under finalen i dei olympiske leikane i München den 1. september smekka ho til med 62,54 meter i den sjette og siste omgangen, dermed tok ho andreplassen etter Ruth Fuchs og syrgde for austtysk dobbelsiger.
Sommaren 1974 sette Todten livsbeste med eit kast på 64,34 meter. Ved europameisterskapen i Roma i september låg ho etter femte omgang på fjerdeplass, atter avslutta ho tevlinga med fullklaff og sikra seg sølv, landskvinna Fuchs sette verdsrekord og tok eit suverent gull. I den austtyske meisterskapen 1974 vann derimot Todten spydtevlinga.
Også i Bislett-leikane 1975 i Oslo sigra Todten framom Fuchs; 62,24 m mot 60,74 m. Under sommarleikane 1976 presterte Todten årsbeste med 63,84 m og vart nummer fire, 12 cm bakom bronsevinnaren. Skade gjorde at ho la opp 1977?
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Sølvmedalje – 62,54 m, bakom Ruth Fuchs (63,88 m) EM 1974 i Roma: Sølvmedalje – 62,10 m, bakom Ruth Fuchs (67,22 m) OL 1976 i Montreal: Nr 4 – 63,84 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacqueline Todten» frå , den 18. mai 2021.
World Athletics
Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland