mini|«Titania», eit FÅA-skip som segla Helsinki/Hanko – København – Hull tidleg på 1900-talet.Finland Steamship Company's Emigrant Ships at genealogia.fi, henta 27. desember 2020

Finska Ångfartygs Aktiebolag (forkorta FÅA, finsk Suomen Höyrylaiva Osakeyhtiö, forkorta SHO) var eit finsk reiarlag skipa i 1883 av kaptein Lars Krogius.Finland Steamship Company Ltd. at TheShipsList , henta 27. desember 2020 På både finsk og svensk vert selskapet vanlegvis berre kalla FÅA. I 1976 endra føretaket namn til Effoa, ei fonetisk staving av forkortinga FÅA.

Reiarlaget var med å skipe konsortiet Silja Line.Silja Line official website "History" saved at archive.org Feb 07, 2007, henta 27. desember 2020 I 1975 skipa FÅA Finncarriers i lag med Finnlines som eit felles frakteselskap. Samstundes gav FÅA opp passasjertrafikken mellom Finland og Tyskland, og skipa som vart brukte i ruta vart selde til Finnlines. I 1980-åra vart både Finncarriers og Finnlines dotterselskap av Effoa. I 1989 valde Effoa å gje opp frakterutene sine og partane av Finnlines vart overførte til eigarane av Effoa.Finnlines' 55 Years , henta 27. desember 2020 Effoa stoppa verksemda som eit sjølvstendig føretak i 1990 då frakteoperasjoane vart spalta ut til å skipe eit sjølvstendig Finnlines, medan passasjerdrifta vart slått saman med Johnson Line (den andre partnaren i Silja Line på den tida) for å skipe EffJohn.

I 1945 var FÅA det første reiarlaget etter andre verdskrigen som starta opp att passasjertrafikk mellom Helsinki og Stockholm, med hjelp av . Same skipet var òg det første som byrja passasjertrafikk mellom Helsinki og Tallinn etter andre verdskrigen i 1965., henta 27. desember 2020

Skip

(1899–57) — Passasjerskip som hovudsakleg gjekk ruta Hanko – København – Hull. (1925–30) — Søkkt då «Arcturus» kolliderte med det i tåke. (1927–67) — Starta opp att Helsinki – Stockholm og Helsinki – Tallinn etter andre verdskrigen. Opphogd 1969. (1964–80) — Seinare casinocruiseskipet «Palm Beach Princess». Opphogd 2011. (1967–76) — Det første moderne bil- og passasjerferja til Effoa. Opphogd 2009. (1972–78) — Første skipet som starta trafikk mellom Helsinki og Stockholm året rundt. Opphogd i 2004. MS «Finlandia» (1981–90) — Største cruiseferje på den tida. Seinare «Queen of Scandinavia» av DFDS Seaways. (1986–90) — Kjøpt av Enso-Gutzeit. Den lengste og raskaste cruiseferja i si tid, og framleis den raskaste i 2008.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Effoa» frå , den 27. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tidlegare finske føretak Kategori:Tidlegare reiarlag Kategori:Føretak skipa i 1883 Kategori:Finske reiarlag Kategori:1883 i Finland