DS «Jessica» var eit dampskip bygt i 1908 som lasteskip for Adolph Kirsten i Hamburg i Tyskland.

Etter andre verdskrigen vart skipet overlate til Direktoratet for fiendtlig eiendom og den norske staten vart eigar. Det vart då omdøypt «Varnes» og vart disponert av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). I 1947 vart skipet tilbakelevert til Adolph Kirsten i Hamburg og det fekk attende namnet sitt «Jessica».

Historie Skipet vart bygt ved Flensburger Schiffbau Ges. i Flensburg i Tyskland og vart levert i oktober 1908.

I august 1914 tok den keisarlege tyske marinen over skipet under første verdskrigen og det fekk mellombels namnet «Munitionsschiffe», før det i november same året vart levert attende til Adolph Kirsten. I desember 1928 vart skipet selt til Hamburg Rhein Linie, eigd av Hamburg-Amerikalinja. Det hamna attende hos Adolph Kirsten i oktober 1934.

I oktober 1945 tok den norske staten under Direktoratet for fiendtlig eiendom over skipet og gav det namnet «Varnes». Skipet hadde behov for reparasjonar før det kunne nyttast, og i mars 1946 vart Det Bergenske Dampskibsselskab disponent for skipet for eitt år. Den første turen gjekk frå Fredrikstad til Kristiansand og vidare til Calais og Bordeaux i Frankrike, før det vende til Bergen 27. april og vidare til Nord-Noreg i mai. På turen attende frå Nord-Noreg gjekk det til Tyskland med saltsild. Ein ny tur gjekk frå Trøndelag til Tyskland med trelast, før det i august gjekk til Gent i Belgia. På hausten gjekk det stort sett langs norskekysten, mellom anna med sement frå Brevik, før det seint i oktober gjekk til London. Ein tur nordover i desember 1946 vart forseinka eit døgn fordi byssesjefen ikkje kom ombord. I januar 1947 gjekk skipet til Frankrike og var innom Le Havre og Nantes. 17. februar 1947 var skipet attende i Bergen for å losse av alt utstyr som tilhøyrde BDS, før det gjekk vidare til Trondheim for å gå ut av BDS og leverast attende til dei tyske eigarane.

Staten tok igjen over skipet og i april same året vart det levert attende til Adolph Kirsten, som gav skipet attende det gamle namnet sitt, «Jessica».

Skipet vart opphogd i september 1953 i Hamburg.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 047 brt, 601 nrt og lasteevna var 1 750 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein trippel 3-sylindra dampmaskin, levert av Flensburg SBG. Oppgjeven yting var 116 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skipsetterretninger» eller «Havnen».

Kategori:Tyske dampskip Kategori:Tyske lasteskip Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Flensburger Schiffbau-Gesellschaft Kategori:Skip frå 1908 Kategori:Skip sluttsegla i 1953