mini|«Ned slippen på færre dagar», plakat frå andre verdskrigen for New England Shipbuilding Corporation.

New England Shipbuilding Corporation var eit skipsverft i byen South Portland i Maine i USA. Verftet oppstod som to separate verft, Todd-Bath Iron Shipbuilding Corporation og South Portland Shipbuilding Corporation, som vart skipa i høvesvis 1940 og 1941 for å møte etterspurnaden etter skip som andre verdskrigen skapte. Dei to verfta vart slått saman i 1943 og held så fram å produsere skip som East Yard og West Yard under New England Shipbuilding Corporation. New England Shipbuilding var det 97. mest verdifulle føretaket i USA for militærproduksjon.Peck, Merton J. & Scherer, Frederic M. The Weapons Acquisition Process: An Economic Analysis (1962) Harvard Business School p.619 Begge verfta vart nedlagde etter krigen.

Dei to verfta bygde 266 skip: 54 i East Yard og 112 i West Yard. Dei første 30 East Yard-skipa var Oceanskip, ein klasse lasteskip bygde for Storbritannia. Alle dei andre skipa var Libertyskip og var bygde for United States Maritime Commission. Blant dei var DS «Jeremiah O'Brien», som er eit Libertyskip bevart som museumsskip i San Francisco. I motsetnad til mange museumsskip er det framleis sjødyktig og gjer ofte turar på San Francisco Bay.

mini|Masse-sjøsetjing av fem skip den 16. august 1942 Fem av dei britiske Oceanskipa, bygg 19–24 «Ocean Wayfarer», «Ocean Stranger», «Ocean Traveller», «Ocean Seaman» og «Ocean Gallant», vart sjøsette i lag med to jagarar og , og Libertyskipet samstundes under ei massesjøsetjing den 16. august 1942. Dette var ny rekord i talet på sjøsetjingar.

Då produksjonen var på det høgaste var det 30 000 folk tilsette på verftet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «New England Shipbuilding Corporation» frå , den 27. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Skipsverft i USA Kategori:Tidlegare føretak i USA Kategori:South Portland, Maine Kategori:Føretak i Maine Kategori:Føretak skipa i 1943 Kategori:Føretak nedlagde i 1946