Austra Skujytė () er ein litauisk tidlegare friidrettsutøvar frå Biržai. Ho vann sølvmedaljen i sjukampen under Sommar-OL 2004 i Aten, ho tevla òg i kulestøyt.

Aktiv Skujytė vart nummer seks i sjukampen i VM 2001 og nummer fire i EM 2002. Høgdepunktet kom då ho kneip sølvmedaljen i sjukamp-tevlinga då dei olympiske leikane 2004 fann stad i Aten. Med 6 435 poeng hamna ho over 500 poeng bak den suverene vinnaren, Carolina Klüft, men 11 poeng føre Kelly Sotherton. Åra etter kom Skujytė på fjerdeplassen i VM 2005, 15 poeng unna bronsemedalje, og på sjetteplassen i VM 2007.

I Friidretts-VM 2009 deltok Skujytė i kulestøyt og sette personbeste med 17,86 meter i kvalifiseringa, utan det gav henne finaleplass. Under Sommar-OL 2012 i London presterte Skujytė sitt livs beste sjukamp. Med 6 599 poeng enda ho på femteplass i tevlinga. I kuleøvinga støytte ho heile 17,31 meter, det aller beste resultat i øvinga nokon gong oppnådd i ein sjukamp. IOK annullerte i ettertid prestasjonane til nummer tre og fire i OL-tevlinga, utan at Skujytė har vorte tilgodesett med ein bronsemedalje.

Skujytė la opp i 2017.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 12 i sjukamp – 6 034 poeng VM 2001 i Edmonton: Nr 6 i sjukamp – 6 112 poeng EM 2002 i München: Nr 4 i sjukamp – 6 275 poeng VM 2003 i Paris: Nr 10 i sjukamp – 6 077 poeng OL 2004 i Aten: Sølvmedalje i sjukamp– 6 435 poeng, bakom Carolina Klüft (6 952 poeng) VM 2005 i Helsinki: Nr 4 i sjukamp – 6 360 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 6 i sjukamp – 6 380 poeng OL 2008 i Beijing: Braut sjukampen VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa i kulestøyt (17,86 m=nr 17) VM 2011 i Daegu: Nr 9 i sjukamp – 6 297 poeng OL 2012 i London: Nr 5 i sjukamp – 6 599 poeng EM 2016 i Amsterdam: Nr 14 i sjukamp – 5 245 poeng

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Austra Skujytė» frå , den 26. juni 2020.

Kategori:Litauiske friidrettsutøvarar Kategori:Mangekjemparar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Litauen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Litauen Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Litauiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012