Mona Solbakk () er ein norsk samisk journalist og redaktør, og divisjonsdirektør for NRK Sápmi sidan 1. september 2015.

Biografi Solbakk er fødd og oppvakse i Båteng i Tana kommune i Finnmark. Ho er gift med samepolitikaren Geir Tommy Pedersen.

Solbakk har arbeidd som journalist og redaksjonell leier store delar av yrkeslivet sitt. Ho vart første gong tilsett som journalistpraktikant i NRK 1992, og etter journalistutdanninga si i 1996 vart ho tilsett som journalist ved NRK Sápmis lokalkontor i Kåfjord. I 2003 fekk ho stilling som magasinredaktør i NRK. I 2005 vart ho tilsett som programredaktør og stadfortredande sameradiosjef. Ho har i perioden 2007 til 2015 vore kommunikasjonssjef ved Universitetet i Tromsø og leiar for Davvi álbogiid guovddáš/ Senter for nordlege folk i Kåfjord .

Verv

2000-2003 Leiar og nestleiar for Samisk journalistforening 2002-2003 Styremedlem i NRKs journalistlag 2010-2012 Styremedlem i Kommunikasjonsforeningen Nord-Norge 2011-2015 Styremedlem i Sámi áviisa Ávvir 2013-2014 Styremedlem i studentavisa Utropia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mona Solbakk» frå , den 27. juni 2020.

Kategori:Folk frå Tana Kategori:NRK-journalistar Kategori:Norske radiojournalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Samiske journalistar