Sally Patricia Oldfield () er ein irskfødd britisk visesongar, og syster til musikarane Mike og Terry Oldfield.

Oldfield starta musikkarrieren sin tidleg i 1968, då ho spelte inn ein demo i lag med den yngre broren Mike Oldfield. Desse innspelingane vart føreslått og overvaka av Mick Jagger. Det er ikkje kjend kva som skjedde med desse innspelingane. Kort tid etter skip ho ein viseduo, The Sallyangie, i lag med broren Mike. Duoen fekk kontrakt med Transatlantic Records og spelte inn eit enkelt album, etter tilråding frå Pentangle-gitaristen John Renbourn, som Oldfield møtte på Troubadour Folk Club i Bristol. Albumet Children of the Sun vart spelt inn i august 1968.

Oldfield var sidan gjesteartist på korvokal på fleire av albuma til broren Mike, inkludert Tubular Bells. Oldfield sjølv gav ut det første soloalbumet sitt, Water Bearer, i 1978. Songen hennar «Mirrors» frå dette albumet vart gjeven ut på singel og nådde 12. plassen på UK Singles Chart. Sidan den gongen har ho gjeve ut femten soloalbum.

I tillegg til broren har ho sunge i lag med Steve Hackett og Justin Hayward frå The Moody Blues.

Diskografi Solo 1978 – Water Bearer 1979 – Easy 1980 – Celebration 1981 – Playing in the Flame 1982 – In Concert 1983 – Strange Day in Berlin 1987 – Femme 1988 – Instincts 1990 – Natasha 1992 – The Flame as 'Natasha Oldfield' 1994 – Three Rings 1996 – Secret Songs 2001 – Flaming Star 2009 – Cantadora 2012 – Arrows of Desire 2018 – The Enchanted Way 2019 – Mystique

Med Steve Hackett 1975 – Voyage of the Acolyte

Med Mike Oldfield 1973 – Tubular Bells 1974 – Hergest Ridge 1975 – Ommadawn 1978 – Incantations 2002 – Tres Lunas 2003 – Tubular Bells 2003

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sally Oldfield» frå , den 26. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Reading Kategori:Engelske visesongarar