Novella er det sjuande studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1977.
Historie Sidan plateselskapet til bandet i Storbritannia, BTM, gjekk konkurs, vart albumet gjeve ut i USA nokre månader før det kom ut i Storbritannia, noko som førte til at det vart importert til Storbritannia av britiske fans. Då albumet kom ut vart selskapet Sire distribuert av ABC Records i USA. Plateomslaget bestod av kunst laga av Pamela Brown og var eit anna bilete enn det som vart brukt på den seinare, britiske utgåva. Kort tid etter, endra Sire distribusjonen i USA til Warner Bros. Records og omslaget vart endra til å bli det same som det britiske.
Etter BTM gjekk konkurs, hadde bandet i røynda gått med på å signere kontrakt med CBS Records UK. Men dei signerte i staden for Warner Brothers.
Albumet nådde 46. plassen på Billboard 200-lista i USA.
Songen «Can You Hear Me?» vart sampla av Deep Puddle Dynamics på albumet We Ain't Fessin' (Double Quotes), og Blockheads på albumet Music by Cavelight og sporet «Sunday Seance».
I 2019 gav Esoteric Recordings ut ei ommastra utgåve av albumet på tre CD-plater.
Innhald
Utvida utgåve
Medverkande Renaissance Annie Haslam – solo- og korvokal, ymse perkusjon Michael Dunford – akustisk gitarar (6 & 12-strengs), korvokal John Tout – piano (Steinway flygel), elektrisk klaverinstrument (analog synthesizer & Hohner D6 clavinet), korvokal, perkusjon Jon Camp – bass (Rickenbacker 4001), akustisk gitarar, solovokal på spor 4, korvokal, Moog basspedalar, cello på spor 2 Terence Sullivan – trommer, perkusjon, korvokal
Andre medverkande Richard Hewson - orkesterarrangement & dirigent ikkje oppført - saksofonsolo på «Touching Once»
Produksjon Dick Plant - lydteknikar, medprodusent Barry Kidd - assisterande lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Novella (Renaissance album)» frå , den 9. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Renaissance-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Sire Records-album