Azure d'Or er det niande studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1979.

Oversyn Med dette albumet slutta bandet å bruke orkester, og valde i staden å overdubbe mange instrument sjølv i eit forsøk på å etterlikne ein orkesterlyd.Liner notes from the Tales of 1001 Nights samlealbums Det var òg det første albumet deira som berre bestod av kortare songar utan lange «episke» stykke.

«Forever Changing» var den einaste Reneissance-songen der trommeslagaren Terry Sullivan skreiv all musikken.

Før albumet kom ut vart innhaldet publisert i eit brev til Renaissance Appreciation Society, og inkluderte «Island of Avalon». Denne songen enda opp med å bli fjerna frå den endelege utgjevinga, då bandet ikkje var nøgd med songen. Denne vart i staden gjeven ut som ei B-side til singelen «The Winter Tree» i april 1979;The History Of Renaissance det var den einaste B-sida av denne typen i tida Haslam var i bandet. Han kom ut på CD i 1997 på samlealbumet Songs from Renaissance Days.

Etter dette albumet gjekk Renaissance gjennom store endringar og ei usikker framtid. Etter ein kort turné i 1980 slutta både John Tout og Terry Sullivan i bandet. Tout sleit med personlege problem etter systera døydde og hadde spelt kraftig feil under ein konsert og gått av scenen. Etter dette vart bandet og Tout samde om at han skulle forlate bandet. Terry Sullivan, ein langvarig ven av Tout, slutta så i bandet av prinsipp. På toppen av alt dette vart bandet droppa av selskapet sitt, Warner Brothers/Sire, på grunn av skuffande sal av Azure d'Or.

Innhald

Medverkande

Renaissance Annie Haslam – solovokal (1–2, 4–7, 9, 10) og korvokal Michael Dunford – elektrisk gitar (1, 5–6, 8–10), 12-strengs akustisk gitar (1–2, 4–9), klassisk gitar (5, 8), mandolin (4), autoharpe (5, 10) John Tout – piano (1–2, 4–7, 9–10), Yamaha CS-80 (1–6, 8–10), Yamaha CS30 (1–2, 6, 8, 10), ARP String Ensemble (1–4, 6–7, 10), ARP Pro Soloist (4–5), ARP 2600 (8), Hammond B3 (8), Yamaha elektrisk piano CP 70 (8), Mellotron (9–10) Jon Camp – korvokal, solovokal (3), bass (1–2, 4–10), basspedalar (4–10), cello (1), 12-strengs akustisk gitar (5), elektrisk gitar (6–8) Terence Sullivan – trommer (1–2, 4–10), perkusjon (1–2, 4, 6–9), pauker (5–6, 10), klokkespel (5), gong (6), chimes (6, 10), xylofon (10), korvokal (4)

Produksjon David Hentschel – produsent, lydteknikar David Bascombe – assisterande lydteknikar Dick Plant – vokalinnspeling Gered Mankowitz – kunstnarisk leiar og fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Azure d'Or» frå , den 9. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Renaissance-album Kategori:Album produserte av David Hentschel Kategori:Sire Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album