Time-Line er det ellevte studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1983. Det var det siste albumet deira før dei vart oppløyst i 1987.
Renaissance gjekk bort frå den faste stilen sin på dette albumet og meir i retning av 80-talspop, ei endring som hadde byrja på det førre albumet, Camera Camera. Det var kommersielt mislukka og fekk dårlege meldingar frå musikkpressa. Det vart følgd av ein nesten tjue år lang pause for bandet.
Medan stilen på Camera Camera var påverka av bandmedlemmane som hadde spelt i lag som Nevada (Annie Haslam og Michael Dunford, i tillegg til klaverspelaren Peter Gosling), tok Jon Camp leiinga for den musikalske stilen og retninga på Time-Line. Han skreiv alle tekstar og kalla albumet det «beste» dei hadde laga.Liner notes from the Tales Of 1,001 Nights samlealbums
Mottaking
I ei seinare melding kalla Allmusic Time-Line «den same typen new wave-prog-hybrid som Camera Camera, med anakronistisk, men uimotståelege, små nummer som 'Richard the IX'. Eit hyggeleg og lystig album.»
Innhald
Medverkande
Renaissance Annie Haslam - solo- og korvokal Jon Camp - bass, korvokal, solovokal, gitarar Michael Dunford - gitarar, korvokal
Andre medverkande Peter Gosling, Nick Magnus, Eddie Hardin - klaverinstrument Peter Barron, Ian Mosley - trommer Bimbo Acock - saksofon Dave Thomson - trompet
Production John Acock - lydteknikar Kevin Metcalfe - mastering i Utopia Studios i London
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Time-Line» frå , den 9. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Renaissance-album Kategori:Illegal Records-album Kategori:I.R.S. Records-album