Turn of the Cards er det femte studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1974. Det var det siste Renaissance-albumet med utdrag frå eksisterande klassiske stykke.Notat frå plateomslaget til samleplata Tales of 1001 Nights

I Storbritannia vart dette den første utgjevinga (BTM 1000) på selskapet til Miles Copeland, BTM Records (British Talent Managers). I 1977, etter å ha gjeve ut i alt ti album, inkludert to til av Renaissance (BTM 1006: Scheherazade and Other Stories og den doble, BTM 2001, Live at Carnegie Hall), gjekk selskapet konkurs.Liner notes from CD reissue.

Plateomslaget syner ei hand med tarotkort føre Warwick Castle. Den første utgåva til BTM UK hadde eit anna omslag, med eit portrett av Annie Haslam i eit av korta. Seinare utgåver, og i USA, vart det nytta eit omslag der portretta til dei andre i bandet òg var med på korta.

«Things I Don't Understand» var den siste songen Jim McCarty, opphavleg medlem i bandet, skreiv for bandet. «Running Hard» siterer ein melodi først nytta på «Mr. Pine» frå albumet Illusion, i tillegg til stykket «Litanies» av den franske komponisten Jehan Alain. Musikken til «Cold Is Being» er henta heilt frå «Adagio i g-moll» (tilskriven Tomaso Albinoni, men i røynda komponert av Remo Giazotto) og vart i motsetnad til det som står i omslaget, ikkje komponert av Michael Dunford.Turn of the Cards Lyrics Jon Camp har sagt at «Mother Russia» var ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.

Innhald

Medverkande

Renaissance Annie Haslam – solo- og korvokal Michael Dunford – akustisk gitar, korvokal Jon Camp (oppført som «John Camp») – bass, solovokal på spor 3, korvokal John Tout – klaverinstrument, korvokal Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon

Andre medverkande Jimmy Horowitz – orkesterarrangement

Produksjon Dick Plant - produsent, lydteknikar Richard Gottehrer - produsent Douglas Bogie, Mike Pela - assisterande lydteknikarar Jeffrey Lesser - nymiksing i Mediasound Studios i New York Hipgnosis - design

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Turn of the Cards» frå , den 8. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Renaissance-album Kategori:Sire Records-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Richard Gottehrer Kategori:Plateomslag av Hipgnosis