7-karri er eit måltid frå indisk-avleidde mattradisjonar i Guyana og på Mauritius. Det består av kokt ris og sju ulike karrirettar som blir serverte på eit stort blad. Måltidet blir gjerne servert i samband med religiøse feiringar og seremoniar, bryllaup og andre spesielle høve.

På Mauritius blir måltidet kalla sept cari. Det finst ulike versjonar som er avleidde frå nordindiske og sørindiske tradisjonar. Måltidet blir servert på bananblad, noko det også er tradisjon for i Sør-India. Eit måltid kan omfatta karriar med aubergine (dal Brinzel), brekkbønner (haricots masala), gul bønnekarri med potet (cari gros pois), jackfrukt (cari zak), chayote (chouchou), graskar (Ziromon Toufer), kokebanan (cari bananes), spinatvekstar (fueilles de songe, kutchou) og tomatkarri med soya (rougaille soya) og serverast med flate brød (ti-puri), papadam (applon) og/eller ris og med mauritisk pikkels (zasar, mangopikkels).

I guyansk tradisjon kallar ein måltidet 7-curry eller seven curry og serverer det på vassliljeblad. Typiske rettar i måltidet er karri av graskar, spinat (bagee), katahar/breadnut/chatagine (Artocarpus camansi), potet, kikert (channa), aubergine (balange), edoe (Colocasia antiquorum) og dahl. Ein kan også nytta mangopikkels og achar.

«Seven Curry» er også namnet på ein chutney-song av AW Lyrical frå 2020.

Kjelder

Kategori:Mauritisk kultur Kategori:Guyansk kultur Kategori:Indo-karibisk kultur Karri Kategori:Karibisk mat