Den amerikanske animerte TV-serien Adventure Time har ei rollebesetning av fiktive karakterar skapt av Pendleton Ward. Serien dreier seg om eventyra til protagonistane Finn (gjeve stemme av Jeremy Shada), ein gut i tenåra, og bestevenen hans Jake (gjeve stemme av John DiMaggio), ein hund med magiske krefter til å endre form og storleik av eigen vilje. Finn og Jake bur i det postapokalyptiske landet Ooo og reiser gjennom landet medan dei er på eventyr. På ferdene samhandlar dei med dei andre hovudkarakterane i serien: Princess Bubblegum (Hynden Walch), Ice King (Tom Kenny) og Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson).

Hovudroller

Finn the Human Gjeve stemme av Jeremy Shada (TV-serie) Zack Shada (opphavleg pilotepisode) Finn er ein gut som likar ingenting meir enn å dra på eventyr og redde dagen. Han har på seg ei kvit lue som dekkjer til det lange blonde håret hans. Då han var eit spedbarn, vart han forlaten og deretter adoptert av foreldra til Jake, Joshua og Margaret, som forklart i episoden «Memories of Boom Boom Mountain». Han ser på seg sjølv som ein helt, og har ein hug til å dra på eventyr og har svore på å hjelpe kven som helst i naud, men når han er så full av energi som han er, har han problem i stoder som krev at han gjer andre oppgåver enn å slåst.

Jake the Dog Gjeve stemme av John DiMaggio

Jake er bestevenen og adoptivbroren til Finn. Han er ei 28 år-gamal-i-«magiske hundeår» formskiftande bulldogg. I episoden «Joshua & Margaret Investigations» blir det avslørt at når Joshua og Margaret, foreldra til Finn og Jake, var på ei etterforsking, vart Joshua biten av ein forskiftande utanomjording. Joshua, som er vorten forgifta av skapningen, føder deretter Jake frå hovudet sitt. Dei magiske kreftene til Jake, lèt han strekke og krympe kva kroppsdel som helst til kva form og storleik som helst, frå å bli gigantisk til å gjere seg knøttliten. Kreftene hans hjelper Finn monaleg i kamp og til transport, men er også nokre gonger berre brukt som gemyttlege uttrykksformer.

Princess Bubblegum Ice King Marceline the Vampire Queen

Biroller BMO Lumpy Space Princess Flame Princess Lady Rainicorn Martin Betty Grof

Antagonistar King of Ooo Hunson Abadeer Earl of Lemongrab Patience St. Pim Fern Uncle Gumbald GOLB The Lich

Sjå òg Adventure Time

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «List of Adventure Time characters» frå , den 29. mars 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Adventure Time