California Institute of the Arts (CalArts) er eit privat, ikkje-kommersielt universitet i Valencia i delstaten California i USA. Det blei oppretta i 1961.
Ved universitetet var det 1 523 studentar og 262 vitskapleg tilsette i 2019. Universitetet har studiar opp til doktorgradsnivå.
CalArts blei skipa i 1961 gjennom ei samanslåing av Chouinard Art Institute (grunnlagd 1921) og Los Angeles Conservatory of Music (grunnlagd 1883). Begge institusjonane var i pengetrøbbel og grunnleggjaren av førstnemnde, Nelbert Chouinard, var dødssjuk. Walt Disney hadde samarbeidd mykje med Chouinard-institusjonen, og bidrog no til å gjennomføra samanslåinga. Prosessen fortsette etter at han døydde i 1966. Andre bidragsytarar var broren hans Roy O. Disney, Lulu Von Hagen og Thornton Ladd (Ladd & Kelsey, Architects), frå Los Angeles Conservatory of Music. I 1970 kunne den nye utdanningsinstitusjonen ta imot studentar i kunst, design, film, musikk, drama og dans.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «California Institute of the Arts» frå og «California Institute of the Arts» frå , den 30. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Universitet i California Kategori:Los Angeles County Kategori:Skipingar i 1961