mini|Oberstaufen
Oberstaufen er ein kommune i landskapet Schwaben i delstaten Bayern i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 125,9 km² og i kring 7 800 ibuarar. Kommunesenteret ligg 791 meter over havet i eit landskap med skogkledde åsar og kollar.
Den aller fyrste tevlinga i Verdscupen i alpine greiner for kvinner vart avvikla i ein skibakke i Oberstaufen . Nancy Greene frå Canada vann både slalåmrennet 7. januar 1967 og storslalåmrennet dagen etter. Skirennarane Barbi Henneberger og Heidi Biebl var begge frå Oberstaufen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oberstaufen» frå , den 8. mars 2020.
Kategori:Kommunar i Bayern