mini|Ferrosilisium

Ferrosilisium er ei legering av jern og silisium, der innhaldet av silisium kan vere 45–75 prosent.

Legeringa kan produserast med karbontermisk reduksjon, der malmar av det ønskte produktet reagerer med karbon under høgre temperaturar i ein smelteomn. Ferrosilisium er eit halvfabrikat og kan brukast som reduksjonsmiddel og legeringselement i produksjonen av stål og støypejern.

Ferrosilisium er produsert i Noreg, mellom anna hjå føretaka Finnfjord smelteverk og Elkem.

Kjelder

Kategori:Jernsambindingar Kategori:Legeringar Kategori:Silisiumsambindingar